Snudde 0-3 til siger i toppkamp
Både Os 1 G16 og Os 1 G19 har hatt overraskande resultat i toppen av 1. divisjon denne veka.
Trass ung stall på A-laget og juniorar som driftar 4. divisjonslaget ligg Os i toppen av 1. divisjon med både eit av juniorlaga og eit av gutelaga.
Denne veka har blitt ekstra dramatisk for begge topplaga.
Tok styringa med 10 mann
Tysdag besøkte serieleiar Os Stavollen og Bjarg på 2. plass til toppkamp i junior 1. divisjon.
Halvvegs i første omgang, på stillinga 0-0, fekk Os ein spelar (Harry Moore) utvist.
– Eg såg ikkje situasjonen, men fekk forklart at det var grunna ein etternølar, fortel trenar John Ole Johannessen.
Os gjekk likevel opp i 1-0 (ved Eric Skorpen) og hadde to-tre store sjansar før Bjarg utlikna to minutt før slutt.
Kampen enda 1-1 og Osterøy, som Os har på heimebane over haustferien, overtok tabelltoppen med eitt poeng på Os og to på Bjarg.
Os sitt lag: Glenn Hjelle, Anders Skaar, Eric Skorpen, Markus Sørås Bjørnevik, Vegard Hjelle, Joakim Aasen, Fabian Bødtker, Ludvig Egge Drange, Ola Lekven Moberg, Simon Moberg Søvik, Harry James Moore, Tom Gabriel Ø. Rondestveit, Fredrik Haustein, Vegar S. Ludvigsen, Ådne Onarheim og Fabian Reiertsen.
To tøffe kampar står igjen i kampen om å vinna 1. divisjon og bli kretsmeistrar.
Stor snuoperasjon av gutelaget
– Det var godt gjort av gutane å snu 0-1 til 5-1-siger over sterke Åsane i førre runde, men dette var endå større, synest Gjermund Lyssand etter sigeren til Os gutar 16 torsdag kveld.
Os låg under 0-3 for Gneist etter 15-20 minutt og trenaren var så skuffa over det låge tenningsnivået til gutane at han vurderte å gå seg ein tur. Men så tok gutane tak.
– Vi gjekk opp i 3-3 før gjestane skåra igjen. Frå 3-4 heldt vi fram med å køyra Gneist og vann til slutt 6-4.
Målskårarar: Marius Lyssand, Markus Heggland Myrlid, Ludvig Egge Drange, Harry James Moore, Steffen Kvamsdal og Alexander Mjånes Tøssebro.
– Eg er skuffa over kor lite dei var på i starten av kampen, men imponert over den mentaliteten dei viser når dei snur kampen.
Os sitt lag: Kay-Milan Goitovski, Vegard Strønen Skeie, Marius Lyssand, Markus Heggland Myrlid, Henrik Blindheim Skjælåen, Harry James Moore (var klarert på førehand trass raudt kort med juniorane to dagar før), Ludvig Egge Drange, Fredrik Johannesen Laugen, Trym Hjørnevik, Steffen Kvamsdal, Bjørnar Straumsnes, Tobias Nøss, Alexander Mjånes Tøssebro, Daniel Bjørnevik, Kristoffer Røttingen og Sondre Jørgensen Nystad.
Toppar tabellen - har tre kampar igjen
Os toppar tabellen med 21 poeng på 8 kampar, på 2. plass ligg Åsane med 15 poeng på 7 kampar. Fyllingsdalen har berre spelt 5 kampar og har 9 poeng.
I vår hadde Os tre tap, for Brann, Åsane og Fyllingsdalen, i haust har Os no slått både Brann og Åsane, og berre tapt for Bjarg (0-1).
Tre kampar står igjen, dei går mot Austevoll, Fana og Fyllingsdalen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.