Sport | 11. juni 2016

Snudde kampen med to assist av Sander

Os hamna under borte mot Arna-Bjørnar, og missa på straffe, men tok sin tredje siger på rad.

Snudde kampen med to assist av Sander
Sander Kvittingen, her som innbytar heime mot Gneist, hadde både målgjevande pasning og skaffa Os straffe i dagens snuoperasjon på bortebane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juni 2016 15:20

Os spelte borte mot Arna-Bjørnar, som dei slo 8-1 i NM-kvalifisering vår.

Erik Kanestrøm er ute med ein liten strekk, Marius Mikkelsen starta på benken.

– Sander Kvittingen har vist mykje positivt på trening i det siste og var med frå start, seier Hassan El Fakiri.

Os hamna under i 6. minutt, men snudde kampen før pause. Først sette Øystein Takle Eide inn 1-1, etter å ha blitt spelt gjennom av Kvittingen. Så fekk Os to straffar.

Emil Halver bomme på den første, så blei Sander felt og Rafael Villén blei matchvinnar frå 11-metersmerket.

Arna-Bjørnar - Os 1-3 (1-2)
Målskårarar, Os: Øystein Takle Eide (33.), Rafael Villén (36.) og Marius Mikkelsen (83.)

Mikkelsen kom innpå og auka til 1-3 sju minutt før slutt etter pasning av Knut Spangelo Haga.

– Vi sov litt frå start og vertane spelte ein del på ein rask spiss. Han kom seg i bakrom og dei tok leiinga.

– Vi vann på ein dårleg dag i dag, vi stressa litt og var ikkje flinke til å hjelpa kvarandre. Men slike kampar vil koma, då er det godt at vi likevel klarer tre poeng.

Os (4-2-3-1):
Andrew Todd(keeper)
Anders Havsgård(HB), Torkel Hjertnes(MS), Adrian Valle(MS), Knut Haga(VB).
Torgeir Lunde(SM), Rafael Villen(SM).
Emil Halver(HK), Stian Lunde(HS), Øystein Takle Eide(VK).
Sander Kvittingen(S)

Os speler neste kamp heime mot Varegg onsdag og har ny bortekamp mot Bjarg laurdag om ei veke.

TABELL OG TERMINLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.