Sport | 28. apr. 2010

Snudde kampen med hattrick

I fjor tapte juniorlaget 1-10 for Brann, i går imponerte dei med litt av ein snuoperasjon.

Snudde kampen med hattrick
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. apr. 2010 09:44

Os junior elite starta serien med 2-2 mot Åsane på bortebane. I går var det heimekamp mot Brann, som dei i fjor tapte 1-10 for på Kuventræ.

Brann fekk straffe etter 30 sekund, Os utlikna ved Børge Borgen, men hamna 1-3 under til pause.

Hattrick av Kopperud
Os brukte pausen godt og starta andre omgang på ein måte som verkeleg gav heimelaget tru på seg sjølv.

Espen Kopperud skåra etter under eit minutt, utlikna kort tid etterpå og sette inn 4-3 før neste målskårarar meldte seg.

Tor Erik Berge skaut ein corner direkte i mål før Daniel Vevatne sette kampens siste inn under keeper.

Os - Brann: 6-3 (1-3)
Os sitt lag (4-4-2): Fredrik Sælen, Espen Lie, Børge Borgen, Henrik Takle Eide, Kristian Tysseland, Stian Bakke, Joakim Bjørnevik, Espen Kopperud, Tor Erik Berge, Stian Helland og Daniel Vevatne.

I 2. omgang blei desse byta innpå: Johannes Jordal, Simen Lassen, Frode Øvredal, Daniel Leikvoll og Stian Dale.

Gutespelarane Johannes Jordal og Simen Lassen, som kom innpå på midtbanen i starten av 2. omgang, var sterkt medverkande til snuoperasjonen, ifølgje osturnfotball.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.