Sofie Evensen tok gull (foto: Andris Hamre)

Sofie tok gull!

Sofie Evensen måtte ut i omskyting etter å ha skote 12/11 i feltfinalen.

Av: Andris Hamre

Grunna trøbbel med ei av skivene drygde det før Sofie Evensen og dei andre skyttarane i det siste laget i klassen for eldre rekrutt fekk innta standplassen fredag ettermiddag.

Sofie Evensen takla ventetida godt og leverte ein serie det lukta svidd av. Berre det sjuande skotet sat utanfor sentrum og ho enda dermed i delt leiing med 12 blinkar, 11 av dei i sentrum.

Det var det berre éi anna jente som også klarte, Marte Marie Engebretsgård frå Åsheim. Dei to måtte difor ut i omskyting for å avgjera gull og sølvplassen.

Nervepirrande

Truleg var nervene høgare hos osingane som følgde skytinga frå utsida eller via web-TV enn den var hos Sofie i omskytinga.

Sofie starta med ein yttertreff, før ho drog seg inn i sentrum og sette dei neste 11 skota i sentrum. Marte Marie bomma på skot nummer 5 og det siste skotet. Dermed vann Sofie med 12/11 mot Marte sine 12/10.

Det er ikkje første gong Sofie står øvst på pallen under landsskytterstemnet. For to år sidan vann ho rekruttklassen på 100 meter bane.

Storesøster i feltfinale

Det kunne bli meir edelt metall på familien Evensen fredag ettermiddag. Storesøster Amalie Evensen låg nemleg på skive 6 i feltfinalen for juniorar.

Amalie skaut ein svært godt samla serie, men skota låg dessverre litt lågt til venstre. Dei første skota traff blink, men låg i ytterkant av blinken. To av skota sneik seg på utsida av blinken.

Dermed enda ho på 10/1 i finalen etter å ha skote 30/23 i den innleiande skytinga.