Kultur | 14. aug. 2014

Søftelending med i Idol

Måndag er første sending i årets Idol-sesong på TV2. Førstemann ut er Fredrik Dahle Kristiansen frå Søfteland.

Søftelending med i Idol
Fredrik Dahle Kristiansen (21) frå Søfteland i Os på Idol-audition i Bergen. (Foto: Roy Darvik/TV2)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. aug. 2014 10:48

I fjor kom Eirik Strønen Søfteland (som er frå Os, men ikkje frå Søfteland) på 2. plass i Idol. I år er søftelendingen Fredrik Dahle Kristiansen (21) blant deltakarane.

– Fredrik har halde på med musikk i fleire år, men berre spelt for seg sjølv. Han har ikkje spelt offentleg før og dette er første gang han er med i Idol, seier assisterande kommunikasjonssjef i TV2 Bjarne Laastad til Midtsiden.

Etter det Midtsiden kjenner til er Fredrik ein av fleire som øver i musikkbingen på Søfteland.

På TV2 måndag

Framfor dommarane i Grieghallen song Fredrik ein versjon av «God is gonna cut you down». Her kan du høyra låta framført av Johnny Cash (YouTube).

Første sending i Idol er måndag 18. august (kl 20), og Laastad fortel at Fredrik er førstemann ut når Idol sender frå audition i Bergen.

Omfattande talentjakt

Ifølgje TV2 er Idol i år er større enn nokon gong før.

Aldri før har Idol besøkt så mange stadar i landet i jakten på Norges nye idol, aldri før har det vore arrangert så mange auditions og aldri før har så mange dommarar sete i juryen.

I neste veke startar TV2 Idol-sesongen med sending kvar kveld frå måndag til fredag.

- Vi har verkeleg vore på tidenes lengste og mest morosame audition-turne, vi ville snu kvar einaste stein for å finna gull. Vi har hatt hovudaudition i Bergen, Stavanger, Tromsø, Trondheim og Oslo, men også hatt talentspeidarar på jakt i Haugesund, Ålesund, Arendal, Bodø og Hamar, fortel programleiar Stian Blipp.

Tre vikarar for Tone

Stian Blipp gjorde furore da han leia førre runde av Idol. Sesongen hadde 700 000 sjåarar i snitt, og var den mest sette sesongen på sju år!

No er Blipp tilbake - med samme gjeng bak dommarbordet som sist; Kurt Nilsen, Tone Damli, Gunnar Greve og Esben "Dansken" Selvig.

Tone blei mamma i vår, noko som gjorde at det var behov for vikar på audition i Tromsø, Stavanger og Trondheim. Då var det Margaret Berger, Annie og Tuva Syvertsen som overtok Tone sin plass i dommarpanelet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.