Lokal | 27. sep. 2016

Søkande Horne vitja Os

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) ville veta kor utfordringane ligg i barnevernet. – Eg ønskjer å gje kommunane større ansvar, fortalde Horne.

Søkande Horne vitja Os
Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) og stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) møtte administrasjon og barnevern tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 27. sep. 2016 14:22

Saman med Os sin lokale stortingsrepresentant Laila Marie Reiertsen (Frp) vitja Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) Os kommune og barnevernet tysdag ettermiddag.

– Barnevernet er det viktigaste eg jobbar med. Difor vil eg ut og treffe de som jobbar med dette kvar dag. Det viktigste arbeidet går nemleg føre seg ute i den enkelte kommune. Det er de som jobbar aktivt kvar dag til det beste for barnet og familien deira.

– Eg kan som minister komma med retningslinjer, forskrifter og framlegg til lovar som stortinget vedtek, men det viktigaste eg kan gjera er å lytta til korleis de jobbar og om det vi gjer i regjeringa og stortinget fungerar.

– Som minister har eg eit ønskje om å gje kommunane eit større ansvar for å komma tidlegare inn og forebygga. Tidleg innsats er viktig for å unngå omsorgsovertakingar, påpeika Horne då ho møtte representantane for administrasjonen og barnevernet.

Ba om å få utfordringane

Ministeren var tydeleg på at ho ikkje ønskja å berre få sjå glansbileta, men å få høyre kor skoen trykkjer.

– Når eg reiser rundt får eg høyre mykje om kor flinke ein er og kva ein får til, eg vil at de skal fortelja meg dykkar erfaringar og dei utfordringane de jobbar med. Det er viktig for meg å læra kva vi kan gjera betre frå sentralt hold, innleia barne- og likestillingsministeren.

Éi dør til hjelp

Både kommunalsjef for oppvekst, Line Rye og kommunalsjef for helse, omsorg og beredskap Nils-Petter Borge satte pris på ministeren sitt initiativ.

– Du bruker nokre av dei same stikkorda som eg hadde tenkt å komma inn på, så det lovar godt for ein god dialog rundt bordet, innleia Rye som fortalde at dei var opptekne av å jobba på tvers av avdelingane.

– Vi er opptekne av oppgåvefokus og å jobba på tvers. Det er nok slik at familiar møter oss på fleire stader i dag. Vi ønskjer å at dei skal møte oss på ein stad og at dei skal ha ei dør inn til hjelpeapparatet, uavhengig av kva type hjelp dei treng. Der har vi nok framleis eit stykkje å gå. Du kan hjelpa oss med å byggje ned det som gjer at ting blir for sektorisert, fortalde Rye.

– Vi treng drahjelp gjennom det som kjem frå departementet til å unngå silotenking. Vi ønskjer å fokusera på oppgåvene og ikkje organiseringa, supplerte Borge.

– Men kor ligg desse utfordringane. Handlar det om teieplikt, profesjonskampar eller andre ting, undra ministeren.

Handlar ofte om økonomi

Fungerande barnevernsleiar Linda Hevrøy forklarte at det ofte handla om økonomi.

– Familiane vil ofte ha hjelp, så det med teieplikt klarar vi å løyse. Det handlar meir om økonomi. Kven sitt budsjett skal pengane takast frå. Vi har kome eit godt stykkje på veg gjennom det den gruppa vi har satt samen på tvers av tenestene. Hos oss har vi løyst det med at vi kallar inn desse to når kostnaden skal fordelast, så kan vi konsentra oss om oppgåvene, forklarte Hevrøy og peika på Rye og Borge før ministeren fekk eit nærare innblikk i korleis barnevernet og dei samarbeidande tenestene jobbar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.