Lokal | 15. okt. 2014

Søker i drikkevatnet med dykkarar

Spørsmåla og kritikken har kome tett etter at Os kommune i natt sendte ut melding der dei ber innbyggarane koka vatn som skal drikkast.

Søker i drikkevatnet med dykkarar
Rør Dykk frå Os er på oppdrag for Bergen Vann, her i Gåssandvatnet og i Krokvatnet eit stykke ovanfor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. okt. 2014 10:55

Bildeserie:

Her, i drikkevasskjelda Krokvatnet (t.h.) og i Gåssandvatnet, der delar av vassleidningen ligg, søkjer Bergen Vann no med dykkarar for å finna feilen. (Kart: Os kommune)
Her, i drikkevasskjelda Krokvatnet (t.h.) og i Gåssandvatnet, der delar av vassleidningen ligg, søkjer Bergen Vann no med dykkarar for å finna feilen. (Kart: Os kommune)
Dykkarar har søkt i Gåssandvatnet (bildet) og i drikkevasskjelda Krokvatnet. (Foto: KVB)
Dykkarar har søkt i Gåssandvatnet (bildet) og i drikkevasskjelda Krokvatnet. (Foto: KVB)
1 av 2
Her, i drikkevasskjelda Krokvatnet (t.h.) og i Gåssandvatnet, der delar av vassleidningen ligg, søkjer Bergen Vann no med dykkarar for å finna feilen. (Kart: Os kommune)
Dykkarar har søkt i Gåssandvatnet (bildet) og i drikkevasskjelda Krokvatnet. (Foto: KVB)

Klokka 00.44 natt til onsdag sendte Os kommune tekstmelding til innbyggarane i kommunen med anbefaling om å koka vatn som skal konsumerast.

Les òg: Kok vatnet!

I etterkant har fleire innbyggarar i Os stilt spørsmål både til Midtsiden og direkte til Os kommune:

– Kva med dei som drakk vatn i går kveld?
– Kva symptom og sjukdomar risikerer dei som drikk vatnet utan å koka det først?
– Kven får vatn frå Søvik vassbehandling (som ikkje er råka)?
– Kor lenge vil denne situasjonen vara?

Teknisk sjef Marianne Kramer forstår både spørsmåla og dei som har vore kritiske til delar av informasjonsmengda som blei sendt ut i natt.

– Dei som bur i Lysefjorden og på Drange får vatn frå Søvik vassbehandling. Desse fekk likevel sms i tilfelle dei ikkje var heime eller i tilfelle dei har arbeidsplassen sin på Os.

– Når det gjeld det å senda sms om natta var det noko vi vurderte som rett, så ikkje vi skulle risikera at enkelte som står svært tidleg opp ikkje skulle få informasjon på morgonen.

– Men vi ser at vi kan bli endå betre på dette med informasjon. Tekstmeldinga vi sendte i natt var litt lang, men tydelegvis ikkje innhaldsrik og presis nok, så dette må vi læra av.

Her svarer ho på dei viktigaste av spørsmåla ho og Midtsiden har fått:

– Kva er årsaka til feilen og kor lenge vil situasjonen vera som no?

– Vi merka i går at vi fekk for lite vatn inn til anlegget. Årsaka er truleg ein feil eller eit brot på leidningen, vi driv blant anna og søkjer i drikkevatn-kjelda Krokvatnet og i Gåssandvatnet med dykkarar for å sjekka.

– Vi veit ikkje kor tid feilen blir funnen, men i situasjonar som denne er eg glad for at vi har det nyoppretta samarbeidet med ein stor organisasjon som Bergen Vann.

Avtalen trer i kraft 1. november, men Os har allereie nytte av forholdet til selskapet.

– Kva med dei som drakk vatn i går, rett før meldinga kom?

– Dei er trygg. Då vi merka feilen byrja vi å bruka av reservetanken. Då vasstrykket ikkje betra seg, og det heldt fram med å minka på tanken, sto vi med to alternativ.

Det eine var å ta vatn frå reservekjelda Hovlandsvatnet. Også dette ville ført til kokevarsel. Det andre var å kopla forbi, ta ein bypass, på delar av reinsinga i nye Os vassverk. Det siste alternativet blei valt. Med bypass kan kommunen leverera vatn med godt trykk, delvis reinsa, men ikkje godt nok i forhold til å garantera at det er reint.

– Kva risikerer du om du drikk vatnet utan å koka det?

– Vi veit ikkje kva kvalitet det er på vatnet når det som kjem direkte inn frå Krokvatnet. Det blir delvis reinsa, men ikkje etter forskriftene.

– Det er usikkert om nokon risikerer å bli sjuke av å drikka dette, men så lenge det ikkje er reinsa slik krava seier så må vi anbefala folk å koka det først, svarer Marianne Kramer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.