Kultur | 14. okt. 2014

Søkjer om 350 000,-

Osfest 2015 ber kommunen om 350 000 kroner i støtte til festivalen. Ordførar Terje Søviknes rår formannskapet til å løyva 300 000,-

Søkjer om 350 000,-
Ole Reinert Berg-Olsen frå Osfest då han presenterte festivalplanane for formannskapet i februar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 14. okt. 2014 13:25

I ein søknad til kommunen, journalført 8. oktober, søkjer Osfest om kommunal støtte på 350 000 kroner til festivalen i 2015. I 2013 og 2014 fekk festivalen tilsaman 300 000 kroner i støtte via dei kommunale KUP-midla.

I samband med søknaden som blei handsama våren 2014 presenterte festivalleinga konseptet for formannskapet sine medlemmar.

– Det ble påpekt frå formannskapet at det var i kommunen sin interesse at festivalen ikkje blei ei “døgnflue”.

– Ein ønskja dermed å gje styrka støtte for det første året, slik at festivalen var garantert å bli ein suksess for lokalbefolkninga og for å sikra festivalen sin sjølvstendige drift i kommande år.

– Vi følgjer denne tankegangen. Imidlertid ser vi at det er fleire omstende rundt årets festival som gjer at Osfest treng tilsvarande støtte for 2015 og moglegens også 2016 før festivalen er bærekrafti for det komande tiår, skriv Ole Reinert Berg-Olsen i søknaden på vegne av Osfest.

Skapte verdiar

I søknaden kjem det fram at festivalen skapte verdiar hjå lokale næringsdrivande som hotell, transport, design, leige av utstyr med vidare på omlag éin million kroner.

– I retrospekt ser vi at Osfest har bidrege til mange formar for verdiskaping i kommunen. Vi prioriterte samarbeid med lokale verksemder, både i høve til dei som var sponsorar og dei som tilbyr diverse tenester, forklarar festivalleiinga.

Vil utvida programmet

Publikum og lokalbefolkninga har vore samstemte og tydelege på at Osfest er ønskja som eit årleg arrangement i følgje søknaden. Særleg har engasjementet rundt festivalprogrammet vore stort både blant publikum og dei frivillige.

Festivalleiinga er einige i at det er eit behov og marknad for dette.

– Vi ønskjer særleg å utvida programmet for ungdom.

– Her er vi allereie i dialog med Oseana Kunst- og Kultursenter om eit samarbeid med MOT og større nasjonale artistar med brei appell til ungdom.

– Dette opplegget bør knyttast opp mot Oseanas “Friskunst” skule- og utdanningsportal på “It’s Learning”.

– Det er eit gjensidig ønskje frå Osfest og Oseana at ein ungdomskonsert der er gratis.

– Vidare ønskjer vi minst eitt større namn med appell til ungdom på hovuedscena. I 2014 hadde vi gratis inngong for alle under 13 år. I 2015 ønskjer vi å utvida dette tilbodet i den form at tenåringar og studentar får 50% avslag på festivalpass og camping, fortel Berg-Olsen i søknaden.

Vil gje 300 000 kroner

I ein sak om disponering av formannskapet sitt disposisjonsfond, som skal til handsaming førstkommande torsdag, gjer ordførar Terje Søviknes (Frp) framlegg om at kommunen bør støtta festivalen med 300 000 kroner for 2015.

– Osfest starta opp i år, og Os kommune støtta festivalen med samla kr 300 000 frå KUP Os, fordelt på kr 100 000 i 2013 og kr 200 000 i 2014.

– Trass i elendig vær vart festivalen ein suksess, både musikalsk og publikumsmessig. Mediedekninga var særs god.

– Økonomisk gjekk Osfest 2014 om lag i balanse, mykje takka være støtte frå kommunen og næringslivet.

– Grunna søknad til Norsk Kulturråd, som føreset kommunal støtte for sine tildelingar, søkjer dei allereie no Os kommune om kr 350 000 i støtte til Osfest 2015.

– Festivalen har ambisjon om å auka artist innkjøpa noko i 2015. Os kommune har fått oversendt framlegg til budsjett 2015, men dette vert ikkje lagt fram i denne saka då konkrete artistar enno ikkje er offentleg/stadfesta.

– Evt. støtte til Osfest i denne saka kan komme til fråtrekk i budsjettmessig avsetning til KUP Os 2015, skriv ordføraren i si grunngjeving for å støtta festivalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.