Slik var Osfestlaurdagen

Sola kom...

Artistane leverte, men osingane uteblei. Slik var laurdagen på Osfest.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Det starta heilt rått med omlag 5000 på Marcus og Martinus-konserten. Men då programmet for kvelden tok til glimta osingane med sitt fråvêr, trass at sola etterkvart kom fram.

Likevel blei det ein kveld med høg kvalitet og god musikk.

Først inviterte Bård Ose og Finn Tokvam til ein levande versjon av NRK-programmet P.I.L.S (populærmusikk ispedd litt sladder, journ.mrk) i teltet. Der serverte dei gode historiar, musikk og møter med fleire av artistane på programmet.

Lovande start

Først ut på hovudscenen var Donkeyboy, og tatt i betraktning at det var tidleg på kvelden var det brukbart med folk framfor scenekanten. Donkeyboy serverte den eine hitsen etter den andre, akkurat som Donkeyboy kan. Likevel tok det ikkje heilt av.

Roa ned

Like tettpakka av kjende hits var det kanskje ikkje då Sigvart Dagsland med band entra scenen, men den kjende og dyktige låtskrivaren og songaren leverte høg kvalitet og sjølvsagt ein og anna sviske.

Kveldens overrasking

Kven hadde hørt om "The Holy Ghosts" frå Skottland? Ingen!

– Dette er bandet festivalsjefen booka etter å ha høyrd dei i 10 minutt, introduserte Bård Ose, som har fungert som konferansier gjennom helga.

Og The Holy Ghosts viste eit relativt glissent Os-publikum kvifor dei var kome til Os. Endeleg kom festivalrocken på scenen og gutta i bandet hadde ein driv og energi som smitta over på publikum. Faktisk var dei så ivrige at scenemannskapet til slutt måtte be dei gje seg for at ein skulle komma vidare i programmet.

Publikummar på scenen

Neil Finn hadde med seg eit par sonar, supplert med andre dyktige musikarar på scenen. Igjen blei det ein konsert av høg musikalsk kvalitet, men kanskje av noko ukjent materiale for mange osingar.

Nokre kjende rett nok Finn sitt materialet godt, mellomanna ein kar som ved hjelp av artisten kom seg over sperringane og opp på scenen for å ta ein selfie. 

Ein annan osing som, på litt meir lovleg vis, entra scenen var festivalsjef ORBO som gjorde ei låt saman med Finn.

Hitsparade

Årets Osfest blei avslutta med ei hitsparade av dei sjeldne. Mike Rutherford og resten av gjengen i Mike & The Mechanics kan sine saker. Er trilla det gamle Genesis-låter og andre godsaker ut som perler på ei snor. Berre så synd at det var såvidt få som ville få dei med seg.

– Kva er det som skjer? Her hentar Osfest inn Mike & The Mechanics og Neil Finn, så er det så få folk, lurte ein austlending Midtsiden møtte.

– Andre stader hadde det vore stappfullt, fortalde han.

Både arrangørane og osingane har nok ein jobb å gjera til neste år.