Ole Thomas Herrem og Kristoffer Østervold kunne jubla etter 2-1 siger over Fyllingsdalen (foto: Andris Hamre)

Solid av Lysekloster

Lysekloster skåra 5 mål, men vann berre 2-1 over Fyllingsdalen. – Denne kampen betydde meir enn tre poeng, seier Ruben Hetlevik.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Gjestane frå Fyllingsdalen får ein grei sjanse etter berre to minutt, men skotet går fleire meter over. Deretter blir det mykje spel ute på banen mellom to godt organiserte lag, som slit med å bryta gjennom kvarandre sitt forsvar.

Etter 16 minutt finn Lysekloster nøkkelen på eit frispark. Denis Ljubovic stussar frisparket vidare i mål, men dommaren bles korrekt av for offside. Berre to minutt seinare er Lysekloster igjen frampå og puttar ballen på nytt i mål, men denne gongen er det Ole Thomas Herrem som korrekt blir avblåst for offside.

Nydeleg samspel

No er Lysekloster verkeleg i støtet. Etter 22 minutt kjem ein crossar frå høgre mot venstre. Ole Thomas Herrem headar ballen nydeleg ned til Kristoffer Østervold, som ikkje gjer noko feil aleine med Fyllingdalen sin keeper og tek heimelaget opp i 1-0.

Slik spelet går, reknar mange på Lysekloster Idrettspark at dette skal gå greitt, men då skjer det som ofte skjer. Fyllingsdalen kjem på ein overgang og spissen blir felt. Dommaren dømer straffe. Ei straff Chris Sunde Midtun i Lyseklostermålet reddar, men returen er han sjanselaus på og dei to laga går til pause på stillinga 1-1.

Lysekloster - Fyllingsdalen 2-1 (1-1)
Målskårar: Kristoffer Østervold
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Durim Muqkurtaj, Martin Pedersen (Maius Hodne Sivertsen 89 min), Joakim Helland (Tshizang'S-Kapinga Brazy 82 min), Thorvald Modahl Trætteberg (Thomas Helland 75 min), Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Håkon Moldeklev, Ole Thomas Herrem, Vladan Radojkic, Kristoffer Østervold (Ken-Joar Lyngås Føyen 72 min)

Sjå tabell

Klarerer rett til Østervold

Lysekloster kjem ut frå pausen og tek føringa med ein gong. I det 53 minutt kjem dei rundt på høgre kant, ballen blir slått hardt inn langs bakken, ein Fyllingdalenforsvarar bommar på klareringa og sender ballen rett i beina til Kristoffer Østervold, som i andre kampen på rad blir to-målsskårar.

Berre minutter seinare kunne det fort stått 3-1, men ballen sprett i tverrliggaren og ingen klarer å plukke opp returen.

Blir pressa

Fyllingsdalen kastar no alle mann i angrep, men Lysekloster forsvarar seg bra. Rett nok har gjestene eit skot i stolpen, men heimelaget er nærare 3-1 enn bortelaget er utligning.

Ni minutt før full tid er kaptein Espen Birkeland frampå etter ein corner og får ballen i mål, men igjen blir Lysekloster korrekt avblese for offside.

– Betyr meir enn tre poeng

Trenar Ruben Hetlevik kunne etter kampen jubla for tre nye poeng.

– Dette var ein maktdemonstrasjon. Fyllingsdalen finn ikkje ut av spelet vårt og vi dominerar kampen. Det var ekstremt gøy å sjå ein så bunnsolid kamp av gutane, oppsummerer Hetlevik.

– Fyllingsdalen flyttar alt opp utover i kampen. Dei har jo allereie tapt, men vi står godt i mot. Eg var aldri uroa for at dette ikkje skulle gå.

– Kva betyr denne sigeren, utover dei tre poenga?

– Den betyr mykje meir enn tre poeng. Vi gjennomfører ein ekstremt profesjonell fotballkamp i dag. Den følelsen skal vi ta med oss i dei kommande kampen. Den gjennomføringa er eg veldig nøgd med, seier Hetlevik, som møter Førde borte neste laurdag før Brann kjem som gjestar i Lysefjorden onsdag 24. mai. Branntrenar Lars Arne Nilsen hadde forøvrig tatt turen til Fjorden for å spionera før den kommande NM-kampen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Sanner vitjar gründerparken

29. mai 2017

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.

bilde-midtsiden

Populær kulturvandring

29. mai 2017

Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».

bilde-midtsiden

Rekordrask opptur

28. mai 2017

Det blei nye rekordar både i dame- og herreklassen i Linken Opptur søndag. Éin deltakar tok like greitt åtte (!) fjell på ein dag.

bilde-midtsiden

Vil selja Ole B

28. mai 2017

Familien Søviknes vil selja både drifta og eigedomen på Buena i Lysefjorden.