Sport | 09. apr. 2017

Solid generalprøve

Lysekloster framstår sterkare enn nokon gang. Søndag banka dei Brann 2 4-0 i siste treningskamp før seriestart.

Solid generalprøve
Ole Thomas Herrem skåra to mot Brann 2 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 09. apr. 2017 14:12

Bildeserie:

Lysekloster - Brann 2 (foto: Andris Hamre)

Moldeklev heada inn 1-0 (foto: Andris Hamre)

Ruben Hetlevik var godt nøgd etter 4-0 sigeren (foto: Andris Hamre)

Kristoffer Østervold heada inn 2-0 på ein corner (foto: Andris Hamre)

Herrem blir gratulert etter 3-0 (foto: Andris Hamre)

Godt med folk møtte opp for å sjå treningskampen (foto: Andris Hamre)

Innlegget blir forlenga og går til Herrem i bakrommet; 4-0 (foto: Andris Hamre)

1 av 14

Måndag 17. april startar serien i Norsk Tipping-ligaen med bortekamp mot Haugesund 2 for Lysekloster.

Søndag tok dei mot Brann sine unggutar til siste treningskamp før serien tek til, og dei hadde få problem med å setta unggutane på plass.

1-0 kom allereie etter fire minutt då Håkon Moldekleiv raga høgst på eit innlegg frå venstre kanten og heada ballen i mål. 35 minutt seinare var det Kristoffer Østervold som var høgst på ein corner og fastsatte pauseresultatet til 2-0 etter nok ei skåring på hovudet.

Lysekloster-Brann 2 4-0 (2-0)
Lysekloster si startoppstilling: Chris M Sunde - Denis Lubovic, Kapinga Brazy, Joakim Helland - Martin Pedersen, Espen Birkeland, Vladan Radojkic, Ken Joar Føyen - Håkon Moldekleiv, Ole Thomas Herrem - Kristoffer Østervold.

Etter pause held Lysekloster fram med å trøkka til. Etter 48 minutt faller ein retur ned i beina til Ole Thomas Herrem som frå 18 meter banker ballen kontant i mål. Sju minutt seinare er Herrem frampå igjen og skårar 4-0 etter at eit langt oppspel blir heada vidare i bakrommet, kor Herrem fosser fram. Aleine med keeper gjer han ingen feil.

– I dag er eg nøgd. Det er gøy med to lag som har ein så tydeleg spelestil, oppsummerar Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Fekk gode svar

Hetlevik er særs godt nøgd med å sjå resultat av arbeidet laget har lagt ned den siste tida.

– Vi har jobba mykje med det offensive den siste halvannan månaden. I dag fekk vi vist fram meist heile registeret. Gutane gjer dei riktige vala, er rolege og held på ballen når dei skal det, og sett fart når dei skal det. I dag fekk vi gode svar.

– Kjekt var det òg å straffa Brann for dei romma dei etterlet seg i det låge 4-1-4-1-spelet sitt. Det er gøy når vi finn romma.

God stemning

Midtsiden beit seg spesielt merke i den ro og harmonien som spelargruppa står fram med i siste treningskamp, noko som i fjorårssesongen litt for ofte såg ut til å mangla.

– Det kan nok vera rett. Det er god stemning i laget. Vi har ei god garderobe med ambisiøse unggutar som også er opptatt av å vera lagspelarar, seier Hetlevik som må klare seg utan Sigve Rørstad i seirepremiera.

– Sigve er nok ute i 2-3 veker til. Resten av troppen er friske og raske, avsluttar trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.