Sport | 17. aug. 2015

Solid revansj over Norheimsund

Sigeren glapp på bortebane, men heime mot Norheimsund var Os 2 suverene.

Solid revansj over Norheimsund
Anders Havsgård, her i 10-0-sigeren over Baune 2, skåra 2 også i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. aug. 2015 10:21

Os 2 ligg framleis over streken i 5. divisjon avdeling 1, og har med 54 mål (!) på 11 kampar skåra desidert mest.

Søndag starta dei haustsesongen heime mot Norheimsund, eit lag dei leia 2-0 over på bortebane.

– Vi følte oss snytt då vi reiste heim frå den kampen, der vi skapte mange sjansar, men i staden for å auka leiinga sleppte inn tre og tapte, seier trenar Odd Jarle Hjelle.

I går skåra Norheimsund berre eitt, og det kom på corner eit kvarter før pause.

– Lovande takter av Havsgård

Egil Thuen, som i sommar kom tilbake til Os, gjenopna målkontoen då han på eit soloraid sette inn 2-0 til Os.

Anders Havsgård skåra både 1-0 og 3-1, i tillegg til at han serverte til Onarheim på 4-1.

– Anders har tatt store steg denne sesongen og trener med A-laget i periodar. Med stor fart og god teknikk er han ein spennande spelar, synest Hjelle.

Andrelaget til Os består i stor grad av førsteårsjuniorar, men hadde med seg førsteårsseniorar som Frode Øvredal og Egil Thuen seniorane Kvittingen og Lepsøe.

Os 2 - Norheimsund 5-1 (2-1)
Målskårarar, Os: Anders Havsgård 2, Egil Thuen, Ådne Onarheim og Mats Lepsøe.
Os 2 (4-3-3): Frode Moberg Øvredal - Peder Lyssand, Christoffer Ø. Hevrøy, Knut Spangelo Haga, Markus S. Bjørnevik - Thomas L. Fosen, Mats Lepsøe, Torgeir Lunde - Anders Havsgård, Egil Thuen og Sander Kvittingen.
Innbytarar med speletid: Vegar S. Ludviksen, Fabian Bødtker, Øyvind Odland og Ådne Onarheim.

Neste kamp blir toppoppgjer borte mot Askøy.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.