Kultur | 28. sep. 2014

Solid støtte til Studio E39

Får 150.000 kroner til å laga stad der unge, kreative menneske kan utvikla seg vidare.

Solid støtte til Studio E39
Frå kulturkvelden i Studio E39 for ei god veke sidan. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. sep. 2014 18:36

Komponist- og musikarparet Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo har bygd om reiskapshus til møtestad.

Les òg: Kulturkveld i nytt studio

Heime på gardstunet på Haugland er Heidi Tronsmo og Glenn Erik Haugland i ferd med å utvikle Studio E39 til å bli ein spennande møtestad der nyskaping står i høgsete.

– Vi vil bygga ein plass der etablerte og unge, ferske kunstnarar og musikarar både kan utvikla seg vidare og visa seg for pulikum, eit «arnested» for det kreative, seier Glenn Erik.

– Til dette har vi søkt om midlar og no har vi fått gledeleg svar. Vi har fått til saman 120.000 kroner frå Hordaland fylkeskommune og 30.000 kroner frå Norsk Kulturråd. Dette ser vi på som ei solid og svært gledeleg støtte, og eit teikn på at det vi prøver å skapa er noko fleire har tru på er viktig.

– Korleis vil de bruka pengane?

– Vi vil halda arrangement med fokus på ny tekst, dans, teater, musikk eller kunst, og vi vil arrangera ulike kurstilbud innan musikk, tekst og scenekunst.

Haugland nemner sitt eige yrke som eksempel på fag der det er tydelege behov for ekstraundervising.

– Vi har allereie fleire som ber om musikkundervising hos oss. Det kjem spørsmål om dette frå heile landet. Stort sett har vi måtta seia nei til dei som spør. Eg har funne tid til å vera vegleiar for nokre få, for eksempel har eg vært sparringspartnar for Marius Neset i tilknytting til noko av komposisjonsarbeidet hans.

– For komponistar er læringskurva ekstra bratt, spranget er stort frå vidaregåande skule til musikkhøgskule, og det finnest så vidt eg kjenner til ingen tilbod for dei som er mellom desse skulane.

Glenn Erik har blant anna vore i kontakt med Norges Musikkhøgskole om temaet, noko som kan koma til å føra til eit samarbeid.

– I tillegg til den nye møteplassen har vi sjanse til å ta imot små grupper for lengre opphald, om det er i tilknyting til eit seminar eller utviklinga av ei ny framsyning. Det er ei slik på gang rett over jul, fortel Haugland

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.