
Sølv og bronse i EM
Av: Kjetil Vasby Bruarøy Søndag, september 26, 2010 - 20:22
Fem karateutøvarar frå Os deltar i helga i EM i karatestilarten Wado i den italienske byen Venezia. Fredag starta meisterskapen med kata, der Åsmund Slettevold forsvarte tittelen sin frå i fjor.
Laurdag sto kamp på programmet, og då blei det to nye medaljar.
- Åsmund fekk bronse i sin klasse, Tonje S. Hjelle fekk sølv, fortel hovudtrenar Cato Bruarøy.
Tonje fekk bronse i fjor, det gjorde også Åsmund, men det var i lagkamp.
Ein av dei som var med på å ta bronse i lagkamp i fjor var Henrik Reed-Larsen. Han fekk også bronse individuelt, men i år måtte han nøya seg med 4. plass i -84 kg.
- Henrik var svært nær finaleplass, men tapte semifinalen knepent.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no