Sport | 24. sep. 2013

Sølv og bronse i VM

Ungguten Armin Palislamovic med sølv i Karate-VM. Veteran Vidar Mjånes med eit kjempemeisterskap krona med bronse. – Det var eit fantastisk meisterskap, fortel Cato Bruarøy.

Sølv og bronse i VM
Armin Palislamovic tok VM-sølv i England (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 24. sep. 2013 11:55

13 utøvarar frå Os karateklubb deltok i helga i VM i England, kor ein konkurrerte i karatestilen WIKF Wado ryu. Med ein norsk tropp på omlag femti menneske gjorde nordmennene seg godt bemerka både på tribunen og matta.

– Det var ei utruleg kjekk helg, kor vi markerte oss skikkeleg i hallen med norske flagg og høgt lydnivå, strålar ein hås leiar i Os Karateklubb, Lillian Slettevold.

– Dette var det best arrangerte karatestemnet eg nokon gong har vore på, supplerar sensei Cato Bruarøy.

– Arrangørane bestemte seg allereie for to år sidan at dei skulle laga det beste stemnet nokon gong arrangert i Storbritannia, og det klarte dei. Det blei et veldig publikumsvennleg arrangement.

Sølvguten Armin

Ungguten Armin Palislamovic imponerte stort i U14 -47 kg kor han tok sølv.

– Armin er regjerande noregsmeister.

– Det at han tek seg heilt til finalen i VM er imponerande, skryt Bruarøy.

Tre topp-5 plasseringar

Like imponert er Bruarøy over veteran Vidar Mjånes.

– Vidar tok bronse i masterklassa over 35 år, 4. plass i Kata og 5. plass i oppvisningsgreina Knivforsvar.

– Du veit Vidar var trenaren min den gongen eg var liten gut og starta med karate.

– Det var eit veldig høgt nivå på stemnet med dei beste utøvarane frå verda. At Vidar tek tre topp-5 er rett og slett imponerande.

Bronse i fjor, bronse i år

Den tredje medaljen heim til Os tok Vegard Gjøsund med seg. Vegard er, som Armin, regjerande noregsmeister, og tok bronse i EM i fjor.

– Vegard gjekk i junior tungvekt. Det å klara å gjenta bragden frå EM er ein stor prestasjon.

Lærte mykje

Trenaren er også imponert over dei andre utøvarane frå Os.

– Alle presterte på eit veldig høgt nivå, men konkurransa var knalltøff.

– Ta for eksempel Henrik Reed-Larsen, som gjekk nokre fantastiske kampar, men når du møter konkurrentar som er fleire gonger EM- og VM-meistre, så er det tøft.

– Som trenar lærte eg veldig mykje på stemnet. Vi fekk sjå kor lista ligg blant dei beste i verda, så eg kjem nok til å endra noko på treningene framover.

– I tillegg så må vi ta ei lita feiring i klubben. Dette var rett og slett eit knallbra stemne for Os karateklubb, avsluttar Cato Bruarøy med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.