Lokal | 22. juli 2017

Sommaraction i Mobergsvikjo

– Eg er glad vi tok med badebukse, sjølv om vi skulle til Vestlandet, seier brørne Sondre og Vegard.

Sommaraction i Mobergsvikjo
Sondre Nybø Lind feira finvêret med ein mollberger. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. juli 2017 07:47

Bildeserie:

Brørne Sondre (t.v.) og Vegard frå Ås på ferie i Os. (Foto: KVB)
Brørne Sondre (t.v.) og Vegard frå Ås på ferie i Os. (Foto: KVB)
Sondre med reversert salto. (Foto: KVB)
Sondre med reversert salto. (Foto: KVB)
Sondre med reversert salto. (Foto: KVB)
Sondre med reversert salto. (Foto: KVB)
Vegard tok bomba. (Foto: KVB)
Vegard tok bomba. (Foto: KVB)
Mollberger av Sondre. (Foto: KVB)
Mollberger av Sondre. (Foto: KVB)
Også på badebrygga var det liv. (Foto: KVB)
Også på badebrygga var det liv. (Foto: KVB)
Fleire av jentene tok sats. (Foto: KVB)
Fleire av jentene tok sats. (Foto: KVB)
Simon Moberg Søvik i høgt svev over fjorden. (Foto: KVB)
Simon Moberg Søvik i høgt svev over fjorden. (Foto: KVB)
1 av 8
Brørne Sondre (t.v.) og Vegard frå Ås på ferie i Os. (Foto: KVB)
Sondre med reversert salto. (Foto: KVB)
Sondre med reversert salto. (Foto: KVB)
Vegard tok bomba. (Foto: KVB)
Mollberger av Sondre. (Foto: KVB)
Også på badebrygga var det liv. (Foto: KVB)
Fleire av jentene tok sats. (Foto: KVB)
Simon Moberg Søvik i høgt svev over fjorden. (Foto: KVB)

Torsdag var det skyfri himmel og 27 varmegradar i Os. I bildeserien over ser du korleis ulike atletar tok sats i det sentrumsnære friluftsområdet Mobergsvikjo.

I dag er sommarvêret tilbake, noko både osingar og tilreisande gjestar gler seg over.

– Vi kjem frå Ås i Akershus og er på besøk hos slekt i Bjørnen i Os. Eg var faktisk usikker på om eg skulle ta med badebukse, men vi fekk jo bruk for den, seier Sondre Nybø Lind.

Han og veslebroren Vegard koste seg med tigersprang frå stupebrettet i Vikjo. Alt frå mollberger til bomba sto på repertoaret.

– Vi har hatt ein del finvêr på Austlandet, eg hadde ikkje trudd vi skulle få bada her. Heldigvis sjekka vi vêrmeldinga før vi reiste, dette er jo heilt nydeleg, seier brørne, som ikkje var åleine med å hoppa i sjøen torsdag.

Denne helga kan du kosa deg med båtliv og bading igjen, dagen i dag skal bli delvis skya med temperatur frå 20 til 22 gradar, søndag er det venta meir sol og opptil 24 gradar.

Temperaturen skal halda seg rundt 20 gradar til og med torsdag, men med fare for lyn måndag og nokre regnbyger i starten på veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.