
Sommarbilde kan gje billett
Laurdag 11. september er det konsert med Postgirobygget i Oshallen. I tre veker har vi stilt spørsmål relatert til konserten, bandet og arrangørane, Os Turn Fotball. Vinnarane har fått to gratisbillettar.
I førre veke spurte vi spørsmål om namnet på debutalbumet til Postgirobygget og om namnet på vokalisten i oppvarmingsbandet Scala, som også er trenar for Os junior elite.
24 sendte svar, alle utanom éin innsendar svarte rett på begge (éin innsendar trudde Børge Borgen var vokalist og trenar).
Rett svar er Melis og Øyvind Steffensen.
VINNAREN AV RUNDE 3: Renate Haugland
Renate kan kontakta Midtsiden på 90789270 eller 47906111 for å avtala henting av dei to billettane ho har vunne.
NY OPPGÅVE
«En solskinnsdag» og «Idyll» er kjente Postgirobygget-låtar og dei to sommarlåtane blir kanskje å høyra i Oshallen fredag om ei dryg veke.
I mellomtida kan du vinna billettar til konserten ved å senda oss dine beste sommarbilde. Kvar innsendar kan senda inntil tre bilde, bilde med sommarstemning, humor eller anna fint motiv.
1. premie: 2 billettar
2. premie: 1 billett
3. premie: 1 billett
Send svaret ditt til kjetil@midtsiden.no
Svarfrist: Sundag 5. september klokka 22.00
Måndag 6. september legg vi ut dei 10 beste bilda og vinnarane av dei siste 4 billettane i Postgirobygget-konkurransen vår.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no