Lokal | 18. aug. 2017

Sommaren gjorde comeback!

Fredag midt på dagen fekk vi ein forsmak på finvêret vi har i vente frå søndag og ut neste veke.

Sommaren gjorde comeback!
Denne kameratgjengen gjekk rett frå andre skuledag til Mobergsvikjo for å kjøla seg ned. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. aug. 2017 19:27

Før regnbygene kom i 18-tida fredag var det sol og nærmare 20 varmegradar i Os.

– Ta bilde av oss då, sa kameratgjengen på bildet over.

Midtsiden dikta seg eit ærend utandørs i sola, og møtte ein gjeng som må ha gått nærmast rett frå andre skuledag til Mobergsvikjo for å kjøla seg ned.

Samtidig som fredagen blei varm og fin har vêrmeldingane for helga betra seg.

Under opninga av Kystsogevekene, med fiskekonkurranse og kunstutstilling i Øyane - og Osløpet i og rundt Os sentrum, er det framleis venta nedbør, men mindre mengder enn først meldt.

Under Os - Lysekloster, open dag på Lyngheim og open gard på Øvreeide søndag er det meldt 15 gradar og sol.

Yr: Opphaldsvêr ut veka

Både Yr og Storm meldte 19 gradar og sol i neste veke.

No er forventningane til temperaturen skrudd noko ned, men både Yr og Storm spår opphaldsvêr og lettskya til og med ondag, med 16 gradar tysdag og 17 gradar onsdag.

Yr trur vêret held seg slik til og med fredag, Storm melder noko nedbør torsdag formiddag og fredag ettermiddag.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro (Pent.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.