Lokal | 01. mai 2016

Søndags-stenger inntil vidare

Kundar som skulle handla på Joker på Osøyro søndag møtte stengde dører.

Søndags-stenger inntil vidare
Søndag var dørene stengd på Jokerbutikken i Os sentrum (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 01. mai 2016 11:36

Dørene til Joker-butikken på Dragesethjørnet var stengde søndag.

Søndag er ein god handledag for butikken, som er ein av fire søndagsopne daglegvarebutikkar i Os kommune.

I dag heng ein lapp med denne bodskapen på døra:

«Kjære kunde!

Grunnet uklarheter rundt søndagsåpne butikker og tolkning av gjeldende lovverk, velger vi å holde stengt på søn- og helligdager inntil videre.

Vi åpner for søndagshandel igjen når vi har forsikret oss om at butikkens lokaler er i henhold til gjeldende åpningstidsregler.

Velkommen til en hyggelig handel alle andre ukedager!»

For stor?

Bakgrunnen er ein konflikt i daglegvarebransjen kor dei ulike aktørane skuldar kvarandre for å bryta reglane for storleiken på søndagsopne butikkar.

Søndagsopne butikkar kan ikkje vera større enn 100 kvadratmeter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.