Sondre Ødegård Aksnes droppar EM for å møta Pelé. (Privat foto)

Sondre får møta legenda Pelé

Freestyle-trikser Sondre Ø. Aksnes frå Os skal møta, og trena med, den brasilianske fotballegenda Pelé.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sondre Ødegård Aksnes (19) frå Os trappa for tre år sidan ned med seriefotball for å spesialisera seg på å triksa med ball.

• Video: På triksecamp i Os (2014)

No får han møta den einaste mannen i verda som har tre VM-gull i fotball, brasilianske Pelé (Edison «Edson» Arantes do Nascimento).

– Eg fekk ein telefon på veg heim frå butikken i dag tidleg, om at eg har vunne ein konkurranse eg deltok på i sommar.

– Det var tilfeldig at eg oppdaga at nokre andre triksekameratar i Noreg hadde lasta opp video til den danske konkurransen, så eg gjorde det same, fortel Sondre.

Møter Pelé i Barcelona

Konkurransen er i regi av Snickers (sjå konkurransesida). Vinnaren får tur og opphald i Barcelona, der han får møta og trena med den brasilianske legenda.

– Eg kan nesten ikkje tru at det er sant. Pelé har vore eit forbilde sidan eg var liten, det er uverkeleg at eg både skal få møta han og trena med han.

Pelé, som fyller 77 år i oktober, skåra 1281 mål i løpet av 1363 kampar. Han har kun spelt for to klubbar, brasilianske Santos (1956–1974​) og amerikanske New York Cosmos (1975–1977). Han blei i 1999 kåra til både århundrets spelar og årehundrets idrettsutøvar.

• Video: Best of Pelé (YouTube)

På veg til VM - droppar EM

Turen til møtet med Pelé er 1. til 3. september. Dette er same helg som EM i freestylefotball i Manchester.

– Eg droppar naturlegvis EM for å møta Pelé, for å gripa denne utrulege sjansen.

Aksnes får likevel med seg VM.

– VM er allereie om ei god veke, frå 20. til 27. august i Tjekkia. Sist eg var i VM hamna eg på 4. og sisteplass i pulja mi, det var kjipt.

– I år er det litt anna oppsett, der topp to går vidare, som før, men der 3. plass frå alle puljene kjempar om plass i neste runde, og der dei på 4. plass konkurrerer mot kvarandre i ei rookie-turnering.

– Formen er god og eg håper å gjera det betre enn i fjor, men det blir uansett meir konkurranse same korleis du gjer det i pulja.

• Video: Sondre triksa på moloen med NM-vinnar i trial

Fleire saker

bilde-midtsiden

Auka folkevekst i Os

21. august 2017

I Bergen kommune vaks innbyggartalet med 28 i 2. kvartal. Os kommune auka med 173.

bilde-midtsiden

Starta hausten med 13-1-siger

21. august 2017

5. og 7. div. er i gang igjen: Os 3 speler toppkamp i 6. div. kveld, i går skåra Aleksander Havsgård 7 mål for Nore Neset 2.