Sondre Lerche

Sondre Lerche legg turnépremiera til Oseana

Sondre Lerche er eit navn dei fleste nordmenn mellom 12 og 80 kjenner til, og har allereie hatt ei lang og fruktbar karriere både som artist og tv- personlegheit. Det er vanskeleg å tru at mannen så vidt har rukke å fylle 30 år!

Og 21. januar 2017 startar han noregsturneen sin på Oseana!

Sondre Lerche er ein artist som vanskeleg let seg sette i bås. Sjangermessig kan han beskrivast som ein klassisk crooner med fengande poplåtar, inspirert av 70-talsrock, pønk og med innslag av elektroniske element. Som konsertartist opplevast han som ein ernergisk og svært karismatisk frontfigur med eit tett og solid band i ryggen. Dette er rett og slett ein artist ein bør få med seg live!

Lerche sitt forrige album, "Please", viste oss ein artist som på ingen måte er ferdig med å utforske nye musikalske landskap, og inneheldt nokre av dei friskaste og mest dansbare låtane ein har haurt frå Sondre. Rykta vil ha det til at vi allereie seinare i år vil få ny musikk frå Sondre, og vi gler oss stort!

Billettane er i sal, sikre deg billett no til Oseana sin storkonsert i 2017!

MERK!
Kun ståplassar!

18 års aldersgrense, unge under 18 år kan kome i følgje med ein vaksen over 23 år. Vergeskjema må leverast ferdig utfylt ved inngong.

Billettar: 390,- / 320,-