Kultur | 22. sep. 2016

Sondre Lerche til Os

Sondre Lerche legg Noregsturné-starten til Oseana laurdag 21. januar. – Det er utruleg stas, seier Janne Mari Hjelle.

Sondre Lerche til Os
Sondre Lerche kjem til Oseana i januar (foto: Michael Angeles)
Andris Hamretorsdag 22. sep. 2016 10:00

Sondre Lerche, som denne hausten kjem med ny musikk, har bestemt seg for å legga turnestarten til Os og Oseana.

– Det blir vårens storkonsert i Oseana med flatt gulv. Eg reknar med at denne blir like populær som Aurora var i fjor vår, så her er det om å vera raskt ute med å kjøpa billettar. Dei er allereie i sal, seier Janne Mari Hjelle, marknadsansvarleg ved Oseana kunst og kultursenter.

Ein dei har ønskt seg

Hjelle legg ikkje skjul på at ho tykkjer det er stas at Lerche legg turnestarten til Os.

– Det er klart det er stas, så dette gler vi oss stor til. Sonde Lerche er ein av artistane vi lenge har snakka om at det hadde vore kjekt å få hit.

Ung, men erfaren

Ser ein på trackrecorden til Sondre Lerche er det vanskeleg å tru at han berre såvidt har passert tredve. Allereie i 2001 kom debutalbumet «Faces Down» ei kritikerrost plate som endte med to spelemann-nominasjoner og trofeet som Årets nykommar.

Etter det har Lerche gjeve ut ei rekkje plater og turnert store delar av verda.

Lerche er ein artist som vanskeleg lar seg sette i bås. Sjangermessig kan han forsøksvis beskrivast som ein klassisk crooner med fengande poplåter inspirert av 70-talsrock, pønk og med elektroniske element.

– Som konsertartist blir han omtala som ein energisk og svært karismatisk frontfigur med eit tett og solid band i ryggen, fortel Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.