Sport | 04. sep. 2017

Sondre møtte Pelé på Olympic Stadium

– Det blei ein luksustur, seier Sondre Ø. Aksnes, som òg vann triksekonkurranse i Barcelona.

Sondre møtte Pelé på Olympic Stadium
Sondre Ødegård Aksnes saman med pappa og Pelé i Barcelona. (Foto: Snickers)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. sep. 2017 11:28

Bildeserie:

Deltakarar frå over 20 nasjonar samla på olympiske stadion. (Foto: Snickers)
Deltakarar frå over 20 nasjonar samla på olympiske stadion. (Foto: Snickers)
1 av 1
Deltakarar frå over 20 nasjonar samla på olympiske stadion. (Foto: Snickers)

Tysdag 8. august blei ein jubeldag for freestyler Sondre Ødegård Aksnes (19) frå Os.

Han hadde sendt inn video av seg sjølv som triksa til Snickers sin konkurranse, og blei oppringt med beskjed om at han hadde vunne reise til Barcelona, der han òg skulle få møta den brasilianske fotballegenda Pelé.

Sondre droppa EM for å reisa. I VM førre helg kom han på 3. plass i gruppa, men rauk ut i første runde i intermediate-sluttspelet.

– Eg hadde håpa å gjera det litt betre, men eg hadde samtidig noko kjekt å sjå fram til, seier Sondre.

Henta med limo

Fredag morgon sette han seg på flyet. Pappa Hadje blei med på lasset.

– Allereie ved ankomst så skjønte vi at dette blei eit bra opplegg, på flyplassen sto Snickers med ein stor velkomsplakat, utanfor sto ein Mercedes limousin for å ta oss inn på hotellet, fortel Sondre.

Fredag ettermiddag blei det nokre timar med vandring i byen, laurdag var det tettpakka program på The Olympic Stadium of Barcelona.

Instruktørar frå FC Barcelona

Blant deltakarane, konkurransevinnarar frå rundt 20 ulike europeiske nasjonar, var tre triksarar frå Nederland som Sondre kjenner frå før.

– Det var kjekt å treffa desse igjen, og ein gøy dag på stadion, der vi òg fekk høyra at Snickers har brukt to år på å få til dette arrangementet.

Spelarane blei delte i grupper og fekk instruksjon av ungdomstrenarar frå FC Barcelona.

– Det var kjekt å spela vanleg fotball igjen, synest Sondre, som dei siste åra utelukkande har halde seg til triksing.

Måtte gjera seg fortent til autograf

Etter at spelarane var delte inn i grupper fekk dei kvar sin garderobe.

– Då vi kom opp på banen igjen sat Pelé der på ein krakk, og det var tid for foto.

Det blei i utgangspunktet lagt til rette for lagvis bilde med legenda, men Sondre og Hadje fekk ta bilde åleine.

– Vi hadde begge med oss Brasil si landslagsdrakt med Pelé på ryggen, men managementet meinte at det ikkje var tid til autografar.

Sondre klarte likevel å få ei signert drakt. Han vann nemleg ein triksekonkurranse i løpet av dagen, og fekk signert Brasil-drakt i premie.

– Eg har ikkje fått bagasjen min etter heimreisa søndag, så eg er litt nervøs no. Dette er jo verditransport, så eg skal bli glad når kofferten og drakta kjem heim.

Dette skriv Pelé sjølv på Twitter etter helga:

Thank you @SNICKERS and friends for participating in #PlayLikePele. I had a lovely time with you all in #Barcelona. Keep the ball rolling!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.