Sondre Kvamsdal og Amanda Njøten vann kvar sin sølvmedalje i VM i Wado-karate. (Privat foto)

Sondre og Amanda nær VM-gull

Curaçao: Sondre Kvamsdal og Amanda Njøten vann kvar sitt sølv i Wado-VM etter å ha leia kvar sin finale.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fem utøvarar frå Os er del av den norske troppen som deltar i VM i karatestilarten Wado Ryu i nederlandske Curaçao, utanfor kysten på Venezuela.

Dei tre første som var i elden, Melina Solvang, Carmen Bruarøy og Vidar Mjånes, tok medaljar alle saman.

Natt til søndag norsk tid var Sondre Kvamsdal i 15-16 år og Amanda Njøten i kvinner senior i kamp.

Slo verdsmeisteren

I innleiande rundar vann Amanda over Nederland, England og USA.

– Amanda fighta fantastisk og vann gruppa fortent, fortel trenar Cato Bruarøy.

Då ho seinare kom i finalen møtte ho jenta frå USA som ho hadde dominert over i innleiande rundar.

Amanda tok leiinga, men gjekk på eit knepent tap.

Sondre leia finalen 6-3

– Sondre var i god form og gjorde sine beste prestasjonar no i helga.

I innleiande rundar slo han USA og leia over Kypros til det var to sekund att. Då gjorde han ein formell feil og sigeren blei dømt til Kypros.

I finalen, som også var mot Kypros, var Sondre suveren og leia 6-3 til det var eitt sekund igjen. Då skåra Kypros med ein 3-poengsteknikk og gullet glapp for Sondre.

– Vi er veldig nøgde med at alle dei fem utøvarane har tatt medalje, seier Cato.

I skrivande stund er det lagkamp og sjanse for Noreg til å ta endå fleire medaljar.