Ingrid Søfteland Neset. (Skjermskot frå presentasjonsvideo, foto: Rune M. Grossov, Millimeter Produktion)

Sonnings talentpris til Ingrid Søfteland Neset

Ingrid, som har tettpakka program med Stavanger Symfoniorkester, er tildelt internasjonal pris frå danske Léonie Sonnings musikfond.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fløytist Ingrid Søfteland Neset, som fyller 25 år i mai, har sidan 2015 jobba som heiltidsmusikar som ein av 85 profesjonelle musikarar i Stavanger Symfoniorkester (SSO).

– Eg trivst godt. Det er kjekt og veldig lærerikt, og det er fulle arbeidsveker og ganske tett program med konsertar, fortel Ingrid.

I mai 2016 var prøvetida over og Ingrid blei fast tilsett i SSO.

Stort sett kvar dag er det øving frå klokka 10 til 14 med alle 85 musikarar. Torsdagar er det generalprøve, fredag og laurdag konsert. Inrgid er ferdig med masteroppgåva for ei tid tilbake, men studerer vidare og held på med diplomoppgåve.

No er ho tildelt Léonie Sonning Talent Prize, som inkluderer 60.000 kroner.

– Eg er utruleg glad og takksam for prisen! Pengane skal gå til eit stort bestillingsverk av Marius Neset, eit verk for fløyte, strykarar og piano, som han lager til debutkonserten min 13. september, fortel Ingrid til Midtsiden.

Konserten er resultatet av Ingrid si diplomoppgåve, og blir derfor kalla debutkonsert.

• Les òg: Lamslått publikum (med video) og  Musikarfamilie i julestemning (med video)

Broren Marius har også skrive inn noko saksofon i stykket, som han med andre ord blir med på å spela. 

Finansiert av arvegods

Léonie Sonnings musikkpris (dansk: Léonie Sonnings musikpris), ofte omtalt som Sonnings Musikpris, er ein internasjonal musikkpris som blei stifta i 1965 av Léonie Sonnings musikfond. Dette er den største danske musikkprisen og blir kvart år delt ut til ein internasjonalt kjent komponist, musiker, dirigent eller songar som høyrer til blant dei beste innan sitt felt, skriv Wikipedia.

Hovudprisen har frå 2017 vore på 600.000 kroner. I tillegg deler fondet ut stipend til unge skandinaviske musikarar, som Neset, som altså fekk 60.000 kroner.

«With the work, Ingrid also reveals her ambition as a musician: I want to present original music and experiment in the interface between contemporary music and rythmic music in a classical concert arena» skriv fondet i presentasjonen av prisvinnaren frå Os.

Sjå heile presentasjonen, med videointervju og musikk av Ingrid.

Léonie Sonning (1894–1970), enka til den danske forfattaren Carl Johan Sonning (1879–1937), skjenka i 1965 tre gods til «Léonie Sonnings musikfond», og det er inntektene av desse som genererer midlar til utdeling av prispengane og stipenda.

Til Tyskland, Russland og Japan

Ingrid fortel om travle dagar som fulltidsmusikar og student.

– Som student var eg vant med å ha god tid til øving, i alle fall i periodar. No er det tidleg opp, mykje øving med orkesteret, men det krevs også mykje øving åleine i øvingsrommet. Det blir som regel veldig seine kveldar, og ikkje alltid lett for mamma å få tak i meg på telefon, seier Ingrid og ler.

– Men det var draumen å bli heiltidsmusikar og eg trivst veldig godt. Vi får oppleva mykje saman. I tillegg til at vi speler i eit av dei finaste konserthusa i Europa, blir det òg litt reising.

I fjor var Ingrid og resten av SSO blant anna på to turnear i Tyskland. I april i år skal SSO til Finland, Russland og eit av verdas finaste konserthus, The Royal Concertgebouw i Amsterdam.

– Eg har kome med på KOBE internasjonale fløytekonkurranse i Japan, som einaste frå Norden, så det blir tur til Asia i mai, fortel Ingrid, på veg til vekas generalprøve med Stavanger Symfoniorkester.

– Det var berre 20 % av alle som søkte med lydopptak som kom med, så det blir veldig stort, og eit enormt program å førebu til konkurransen i Japan!

Fleire saker

bilde-midtsiden

Legg 17,5 km med kabel

27. mars 2017

Denne arbeidsbåten kom til Os i dag - for å gjera internett betre og tryggare på Tysnes.

bilde-midtsiden

Gang- og sykkelveg heilt i skodda

27. mars 2017

Kommunen prioriterer trygging av Hatvikvegen på topp, men slit med å få Statens vegvesen til å ta arbeidet med grunnavståing.

bilde-midtsiden

Tuva sparka seg til NM-sølv

27. mars 2017

Karate-NM i Bærum: Etter Tiril sitt gull og Carmen sin bronse laurdag, følgde Tuva, Armin og Benjamin opp med kvar sine medaljar søndag.

bilde-midtsiden

Rota vekk sigeren

27. mars 2017

Osherrane har berre seg sjølv å takke for at dei ikkje slo Sotra og tok tredjeplassen i 3. divisjon.

bilde-midtsiden

Os oldboys til nok ein finale

26. mars 2017

Her er spelande assistenttrenar Leif Erik Solbakken si fargerike skilding av Statoil Bergen Open - og av lagkameratane sine prestasjonar.

bilde-midtsiden

– Vinn som eit lag

26. mars 2017

Osdamene med fire av fire moglege poeng på austlandet etter solide 30-24 over Fram.

bilde-midtsiden

Osing vald etter kampvotering

26. mars 2017

Ketil Tømmernes frå Søfteland T&IL er vald til ny friidrettspresident etter kampvotering mot tidlegare president Tore Hordnes.