Lokal | 09. sep. 2015

Søviknes har rett i éin ting – men ikkje meir

Lesarinnlegg: Os Arbeiderparti svarar på angrepet frå Terje Søviknes (Frp).

Søviknes har rett i éin ting – men ikkje meir
Helge Steinum (Ap) svarar Terje Søviknes (Frp) (foto: Os Ap)
Andris Hamreonsdag 09. sep. 2015 06:37

Etter 16 år med FrP styre, prega av mykje sjølvskryt, må det tydelege bilete til for å visa innbyggjarane i Os at ting ofte har meir enn ei side. Arbeidarpartiet har gjennom å ta for seg tal som kommunen har rapportert inn til Kostra, prøvd og synleggjera kva utfordringar kommunen har, som det ikkje vert snakka særleg høgt om til dagleg. At Søviknes kjenner seg truffen av våre konkretiseringar, tar me med knusande ro. Det er på høg tid at nokon vågar å heve stemma og stille kritiske spørsmål. Me meiner at utstillingsvinduet til FrP har ein del sprekker!

For at me ikkje skal bli skulda for synsing og fabrikkering av påstandar , har me KUN brukt tall som kommunen sjølv har rapportert. Val av område me har retta lyset på, er ikkje tilfeldig, men representerer områder me synest er viktige. Med Facebookannonsene våre har me villa presentere og markere kva som skil oss frå dei som styrer i Os i dag. Om ordføraren meiner me står i spagat, så tar han feil. Me veit svært godt kva me meiner og kor me vil. At me ikkje alltid vil det same som posisjonen, bør ikkje kome som noko overrasking. Og me meiner det er tid for ny kurs når det gjeld kvaliteten på tenestetilbodet, spesielt for born og unge.

Søviknes har rett i éin ting – me har dei same økonomiske rammene å forhalda oss til, og vårt handlingsrom i pengar er korkje mindre eller større en FrP sitt. Der er me einige. Det som skil oss, er korleis me prioriterer. Søviknes seier at han prioriterer «dei viktigaste tinga først». Kva parti vil ikkje gjera det? Sjølvsagt etter eige syn på kva som er viktigast.

Søviknes seier han har prioritert, det tyder at han må ha NEDprioritert noko anna! Me meiner Søviknes prioriterte NED barn og unge då han:

1. Reduserte ramma då Os ungdomsskule fekk tildelt 5 nye stillingar frå staten, som «naudhjelp» i 2013/2014. Resultatet er at det som skulle vore ein auke på 5 nye undervisningsstillingar, gav bort i mot null effekt.

2. Nytta statlege midlar som var øyremerkt ordinær undervisning, til å bøte på manglande satsing på spesialundervisning tidlegare. (Ref. finansiering av meistringsteam stilling på Os ungdomsskule).

3. Skryt av midlar frå staten til nye stillingar på 1. og 2. trinnet, som ein triumf, når pengane i realiteten er utløyst av dårlege skuleresultat! Ny naudhjelp i 2015.

4. Når skulane i juni 2015 må få ad-hoc bevilgningar til vedlikehald/fornying av inventar. Det burde vore sjølvsagt at slikt ligg i ein plan og ikkje noko som kjem brått på.

I lesarinnlegget viser Søviknes til at han har fått med seg noko av bodskapen vår, men er misvisande når han gjengjev den. Han seier blant anna at me har hevda at alle tenester skal styrkast og at me vil igangsetja fleire dyre driftstiltak. Me har aldri sagt at alle tenester skal styrkast, mange av dei me har er gode nok som dei er. MEN nokre skal styrkast, og då set me innsats i skulen høgast på prioriteringslista. Det at kommuneøkonomien er stram skal likevel ikkje hindre oss i og vera kreative og innovative. Når me inviterar skular til og gjere forsøk med heildagsskule, må me gjere dette stort sett innanfor dei rammene me har, med SFO-finansieringa innberekna, inkludert samarbeid med lag og organisasjonar. Dei fleste forsøksordningar klarar å skaffe ekstraordinære midlar til prosjektleiing. Det må me og klara. Arbeidarpartiet ønskjer ikkje at Os kommune skal stå stille eller sakke akterut. Det finns innovasjon, handlekraft og pågangsmot også i raude trøyer!

Det er rett at me er bekymra for lånegjelda. Det burde fleire væra! Søviknes har sagt han vil sitte i 4 år til, men me har eit tidsperspektiv som er lengre enn det. Når Søviknes har lagt frå seg ordførarkjedet er det nokon andre som må handtera gjelda. Om det blir oss, ønskjer me å ta over ein kommuneøkonomi som ikkje tvingar oss rett inn i ein situasjon som kun kan løysast med eigedomsskatt. På samme måte ønskjer me ikkje i dag å selge tomter og eigedommar. Dersom dei salga skal finansiera nye investeringar i dag, er det korttenkt, når me veit kva tempo kommunen veks i, og at me svært sannsynleg må byggje både barnehagar og fleire plassar til psykiatrien om ikkje mange år.

Me er nøydt til å vera framsynt og planlegga godt. Grundig planlegging er nøkkelen til god økonomi! Når det gjeld Fjellheim, må vi skyte inn at det ikkje berre er økonomi, som skal styre våre handlingar. Nokre verdiar må også målast på andre skalaer. Fjellheim er ein institusjon, eit landemerke og samstundes ei mogelgheit til og husa fleire kulturaktivitetar i bygda.

Os AP ønskjer å satse på dei kommunalt tilsette. Me vil ikkje setje dei ut på anbod. Me vil sjølv ha styring på kvalitet og kompetanseutvikling. Me har inga tru på at private aktørar leverer betre tenester enn me sjølv kan klare, berre fordi at dei er private. Det er etter kvart nok forskning som seier at privatisering er dårleg butikk. Eit godt og nært døme på dette er drifta i Helse Bergen. Der har innleige av personell no blitt redusert til 0,07 %, mot over 20 % på mange av dei andre store sjukehusa. Dei hadde ikkje prioritert heile, faste stillingar, framfor innleige dersom dette var dårleg økonomi. Tilsette i høge stillingsprosentar gir betre kontroll på ressursane, meir stabilitet og derav betre kvalitet i tenestene.

I vår kom Defacto med ein rapport som synte at mellom anna Bømlo kommune sparar 17 millionar kroner årleg med å utvikla tenestene i eigen regi i samarbeid med dei tilsette framfor å sette dei ut på anbod. Det byrjar å verta dårleg med argument for å privatisera tenestene når verken innbyggjarane, kommunen eller dei tilsette tener på det.

I staden for å sjå på dei kommunalt tilsette med skepsis, ynskjer me i Arbeidarpartiet å spela på lag med dei for å få endå betre tenester. Dei tilsette sit på ein enorm kompetanse når det gjeld kva som skal til for å utvikla tenestene. Ein føresetnad for gode tenester er etter vårt syn at me som kommune kan tilby flest mogeleg heile faste stillingar.

Når Søviknes går til angrep på Arbeidarpartiet med å spørja om Arbeidarpartiet har andre «pengar» enn FrP så er svaret at det har me. Kapitalen til Arbeidarpartiet er dei tilsette og samspelet med dei. Søviknes kom til makta med å villa privatisera / konkurranseutsetta for å «effektivisera» kommunen. Me har vist til andre løysingar.

Vidare skryt Søviknes på seg at overskotet i kommunen i 2014 var 46,3 mill. kr. Om dette er eit heilagt tal, eller om 36,9 mill. kr også er greitt nok, så er der plutseleg om lag 10 mill kr til disposisjon! Pengar som heilt sikkert Søviknes vil ha til investering, men då er me igjen i diskusjonen om prioritering.

I eit kommunebudsjett på over 1 milliard vil alle parti, når dei prioriterer, finne rom for å omprioritere. Elles så vil også me bruka vekstkommunetilskotet på 10,9 mill kr for 2016 til det beste for innbyggarane.

Me vil ikkje klara å løyse alle utfordringar det første året, sikkert ikkje dei første 4 åra heller. Men med Arbeidarpartiet ved roret vil skuta, som har segla skarpt i ein retning i 16 år, sakte snu mot eit betre tenestetilbod for innbyggarane, då spesielt born og unge.

Os AP åleine, eller saman med andre parti, er både kreative, løysingsorienterte og fullt styringsdyktige!

Helge SteinumTone Hepsøe
OrdførerkandidatVararordførerkandidat
Os ArbeidarpartiOs Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.