Lokal | 17. feb. 2016

Søviknes inn i KS

Terje Søviknes (Frp) blei på landsmøtet vald inn i hovudstyret for KS for dei neste fire åra.

Søviknes inn i KS
Terje Søviknes (Frp) er nyvaldt medlem av hovudstyret i KS (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. feb. 2016 11:21

KS er interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen til kommunane i Noreg. Denne veka har dei landsting i Kristiandsand, kor ordførar Terje Søviknes blei vald inn i hovudstyret til organisasjonen.

– Eg har aldri vore i leiinga i KS tidlegare. Dette er ei spennande oppgåve og ein god måte å få eit nasjonal perspektiv på kommunepolitikken.

– Samstundes er det litt av strategien til Frp å vera tilstades i slike organ. Vi har eit lokalpolitisk utval som skal jobba fram mot 2019 som eg leiar. Difor er det òg viktig for oss å ha ei knytning inn mot KS, fortel Søviknes på telefon frå Kristiansand.

Konsulentar for regjeringa

Leiinga i KS er politisk valde, både i hovudstyret og landsstyret.

– KS er ein stor organisasjon som jobbar breitt med det som er viktig for kommunane, mellom anna har vi konsultasjonsmøter med regjeringa, til dømes om kommuneøkonomi, flyktninger og integrering og ikkje minst kommunereforma.

Mykje god kompetanse

Om det nye vervet ikkje får ei direkte innvirkning på tilhøva i Os kommune, så gjev det i allefall ordføraren enno ein arena å påvirke beslutningane før dei skal takast.

– Det sit mykje og god kompetanse i KS. Mellom anna dei beste folka på kommuneøkonomi. Om det ikkje får direkte innverknad på Os kommune, så vil eg få tilgang på fakta og informasjon tidleg i prosessane.

– Ein annan ting er jo at vi gjennom konsultasjonsmøta med regjeringa kan vera med på å påvirka inntektssystema for kommunane, noko som slår direkte ut også for Os kommune, forklarar Søviknes.

Tøff kamp om leiarvervet

Landsstyret i KS består av 53 representantar, inkludert Hovedstyret sine medlemmar og fylkesstyreleiarane.

Dei møtast minst to ganger i året, og er KS’ øverste organ i fireårsperioden mellom landstinga.

– Det har vore intense runder her nede i Kristiansand i tre dagar no. Det har vore politiske dragkampar. Ikkje minst omkring leiarvervet i landsstyret. Arbeiderpartiet freista å overta vervet, men Sp støtta den borgelege blokka slik at Gunn Marit Helgesen frå høgre blei gjenvald, fortel Søviknes.

Dette er det nye hovudstyret i KS

Hovudstyret vedtek budsjett for KS og møtast normalt 10 ganger i året og ellers etter behov, til dømes under tariffoppgjeret.

Hovudstyret bytta ut halvparten av sine representantar. Sju av 14 representantar er nye i Hovedstyret.

Desse er vald inn i hovedstyret:
1. Mette Gundersen, Kristiansand kommune, Ap
2. Ole Haabeth, Østfold fylkeskommune, Ap
3. Sonja Alice Steen, Nordland fylkeskommune, Ap
4. Ståle Vaag, Hemne kommune, Ap
5. Eirik Haga, Vaksdal kommune, Ap
6. Bjørn Arild Gram, Steinkjer kommune, Sp
7. Jenny Følling, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sp
8. Ivar Prestbakmo, Troms fylkeskommune, Sp
9. Gunn Marit Helgesen, Telemark fylkeskommune, H
10. Jonni Solsvik, Andøy kommune, H
11. Terje Søviknes, Hordaland fylkeskommune, Frp
12.Thorild Brandsdal, Vennesla kommune, Krf
13. Gunn Berit Gjerde, Møre og Romsdal fylkeskommune, V
14. Hanna Marcussen, Oslo, MDG

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.