Sport | 21. okt. 2017

Spår jubel for Os - men ikkje for Lysekloster

Bookmakarane trur Lysekloster vinn siste kamp, men at både Brattvåg og Os jublar etter dagens serieavslutting.

Spår jubel for Os - men ikkje for Lysekloster
I dag kjempar Os og Lysekloster kvar for seg, i kvar sin ende av tabellen, der Os kan hjelpa Lysekloster til opprykk. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. okt. 2017 07:12

Coolbet har 1.23 i opprykksodds på Brattvåg og 4.75 på Lysekloster.

– Lysekloster kan fort få det tøft borte mot Brann 2, men vi trur dei vinn, men at dei ikkje får den naudsynte hjelpa frå lokalkonkurrenten Os, seier Mikael Mellqvist frå Coolbet om seriespurten.

Os speler heime mot Brattvåg.

– Os er ingen enkel bortekamp for serieleiaren, men Brattvåg ser ut til å ha bra kontroll på opprykksnervene og er eit bedre lag. Dei skal normalt vinna denne greit, om dagens serieavslutting på Kuventræ.

– Os er ikkje helt trygge i nedrykkskampen, men vi trur dei får hjelp av Haugesund 2 og då står det fort to jublande lag på Kuventræ etter kamp.

• Les òg: Nedrykksstrid, mål og innbyrdes - her er smertegrensene til Os

I botndramaet blir både Haugesund 2 og Stord, som møter kvarandre i dag, tippa ned.

- Det kan fort bli store kontrastar med to lag som deppar og rykker ned på banen der, mens det i Os blir to som jublar. Det skal bli veldig spennande å følgja den siste thrillerunden, avsluttar Coolbets PR-manager.

• Følg Midtsiden på Facebook og på Midtsiden på Twitter for oppdatering frå kampane - og om andre lokale nyhende.

Oddsen frå Coolbet:

Brann 2 - Lysekloster 3.90-5.00-1.60

Os - Brattvåg 6.75-5.70-1.32

Haugesund 2 - Stord 2.01-5.00-2.60

Opprykk: 1.32 på Brattvåg, 4.25 på Lysekloster

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.