Lysekloster på topp, med Fyllingsdalen som ein av utfordrerane er spådomen frå oddssettarane (foto: Andris Hamre)

Spår Lysekloster på opprykk

– Noko anna vil vera skuffande, seier fotballekspert.

Av: Andris Hamre

Bookmakarane trur det endeleg skal lykkast for Lysekloster. Fotballekspert Jørgen Tjærnås meiner det ikkje kan snakkast om anna enn opprykk for Ruben Hetlevik sine menn.

– Så hardt som Lysekloster satsar er det ein skuffelse at det ikkje blei opprykk, sjølv om dei møtte eit Brattvåg med endå større økonomiske musklar. Ambisjonane er neppe lågare i 2018, og Lysekloster er ein naturleg opprykksfavoritt, sjølv om mykje framleis er uklart i spelertroppen, seier Jørgen Tjærnås, NordicBet sin fotballbloggar, av eigen arbeidsgjevar sett på som ein av dei fremste ekspertane på 2. og 3. divisjon i landet.

Coolbet.com er einig.

– Brattvåg avgjorde ein thriller i siste serierunde, og det betyr at Lysekloster må ta ein ny sesong i 3. divisjon. Men denne sesongen trur vi dei går heile vegen. Avdelinga ser overkomeleg ut med Fana og Fyllingsdalen som dei tøffaste konkurrentene, seier PR-manager Mikael Mellqvist frå Coolbet.com.

Avtroppa Os-trenar Ørjan Håland sitt Varegg blir spådd på 5. plass av begge selskapa.

Tre i toppen

Laurdag kom divisjonsoppsettet for 3. divisjon og bookmakarane har allereie kome med dei første spådomane om korleis det endar. I avdeling 4 er Lysekloster gitt favorittstempelet med Fana og Fyllingsdalen som dei nærmaste utfordrerane.

– For meg er dette ei avdeling kor to lag peiker seg klart ut i toppen. Fana rykte ned frå 2. divisjon, og har ambisjonar om å rykke rett opp igjen, mens hardtsatsande Lysekloster mista opprykket ti minutt før slutt i forrige sesong. Desse to skal vera sterkast når sesongen startar i april, meiner Tjærnås.

– Fyllingsdalen ser ut som den klaraste utfordraren. Dei har henta trenaren til Varegg og har lang historie, men har skuffa dei siste sesongane. Det vil vera overraskande om nokon andre enn desse tre kjemper om opprykket. 

– Andrelaga stiller neppe sterkt nok gjennom året, mens dei andre laga stiller bak den forventa tettrioen no. Eineste spørsmålsteiknet eg ser er Førde, som etter ein grusom vårsesong avslutta godt, seier Tjærnås.

2.45 i odds

Slik endar 3. divisjon avdeling 4, om vi skal tru oddssetjarane hos NordicBet (odds på opprykk i parentes):

1. Lysekloster (2.45)
2. Fana (3.00)
3. Fyllingsdalen (5.00)
4. Sotra (12.00)
5. Varegg (15.00)
6. Førde (15.00)
7. Brodd (25.00)
8. Brann 2 (30.00)
9. Stord (40.00)
10. Viking 2 (40.00)
11. Sogndal 2 (60.00)
12. Øystese (75.00)
14. Tertnes (100.00)
14. Vardeneset (100.00)

Her er odds frå Coolbet

1. Lysekloster 2.75
2. Fana 3.25
3. Fyllingsdalen 4.50
4. Førde 12.00
5. Varegg 16.00
6. Brann 2 25.00
7. Sotra 30.00
8. Viking 2 40.00
9. Brodd 55.00
10. Stord  80.00
11. Vardeneset 100.00
14. Sogndal 2 150.00
14. Tertnes 150.00
14. Øystese 150.00