Lokal | 11. apr. 2015

Sparer stort med eigne folk

Kommunen sparer store penger på å gjera jobben sjølv. – Det kan fort vera snakk om rundt éin million årleg, seier Dag Søfteland.

Sparer stort med eigne folk
Leif Idar Sunde, Torunn Paus, Dag Søfteland og Vidar Kjellevold er av dei i kommunen som sørgjer for at hjula går rundt (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 11. apr. 2015 07:44

Teknisk drift eigedom i kommunen har ansvaret for omlag 92 000 kvadratmeter kommunal eigedom, fordelt på vel 300 bygg og husvære. No har dei nyleg oppretta eit eige elektroteam i tillegg til vedlikehaldsteamet, vakmestrane og gartnarane.

– Kommunen nyttar vel omlag 15 millionar kWh straum i året.

– Då er det klart at potensialet er stort for å spara ein god del penger om vi tenkjer energiøkonomisering i alt vi held på med.

– Leif Ivar Sunde som blei tilsett som automatikar i fjor vinter, har saman med dei andre i eininga, allereie sørga for at vi i fjor sparte 630 000 kWh berre på Strøno og Os barneskuler, fortel avdelingsleiar Dag Søfteland.

Sto på natt og dag

Sunde fortel at då han kontrollerte anlegget ved Strøno barneskule viste det seg at det var feilmontert.

– Det køyrde med fullt trøkk døgnet rundt, året rundt.

– Ved å få retta opp i det, byrja til dømes nattsenkinga å fungera slik ho skulle igjen, forklarar han.

Feilsøkjer sjølv

Eit av tiltaka eininga no gjer er å oppretta elektroteamet, beståande av tre personar.

– Torunn Paus er ingeniør som vi henta frå oljebransjen. Ho skal få ansvaret for å leia teamet.

– Med seg får ho Leif Idar og Vidar Kjellevold.

– Eitt av ansvarsområda deira blir å søkje etter feil, både i styringssystem, elektriske anlegg, låssystemer, brannanlegg og andre tekniske anlegg.

– Eit bygg i dag er superavansert, med utruleg mykje som kan gå feil.

– Det å feilsøkje er gjerne tidkrevande prosesser som vi tidlegare nytta eksterne firma til. Då rann pengene ut.

– No gjer vi den jobben sjølv, så hyrar vi heller inn dei eksterne til å retta feila når vi har avdekka dei, forklarar Søfteland, som er klokkeklar på at det vil gje meir vedlikehald for pengane.

Avansert måleutstyr

Feilsøkinga gjer dei både på den manuelle måten, men òg med avansert utstyr.

– Vi har mellomanna eit måleutstyr for å foreta CO2-målingar om vi har mistanke om luftkvaliteten, til dømes i et klasserom, er for dårleg.

– Med det kan Vidar foreta målinga, og vi kan få fiksa eventuelle feil på ventilasjonsanlegg.

– Eit anna måleutstyr vi no nyttar er infraraud termografering.

– Med det kan vi til dømes sjå om varme lekk ut av eit bygg og setta inn naudsynte tiltak.

– Vi kan òg kontrollera sikringsskap, el-tavler og elektrisk anlegg for å sjå om det er varmegang i desse, noko som igjen kan vera brannfarleg.

– På den måten jobbar vi òg førebyggande, fortel avdelingsleiaren.

Satte ting i system

Då Søfteland tok til på jobben som avdelingsleiar var det å få eit FDV-system (Forvaltning, Drift og Vedlikehald, journ.mrk) på plass det første han greip fatt i.

– I det melder alle einingsleiarane inn dei behova dei har.

– Der ligg òg dei aller fleste av installasjonane inne, slik at vi veit kva utstyr vi har dei forskjellige plassane, forklarar Søfteland.

– I fjor blei det vel meldt inn 2700 saker. Hittil i år har det vel blitt meldt 3-400 avvik, skyt Paus inn.

– Ikkje berre er FDV-systemet bra for å halde kontroll på kva som skal gjerast, men det lettar òg kommunikasjonen mellom oss og einingane, då dei heile tida kan sjå status på saken.

– I tillegg har vi lagt inn dei vi har rammeavtaler med, så dei rapporterar òg direkte når jobben er gjort.

– Systemet er òg veldig bra på den måten at vi kan ta ei tilstandsanalyse på eit bygg og få ut eit kostnadsbilete. Det gjer at vi på ein betre måte kan planlegga utskiftingar og budsjetta, legg Paus til.

Får leigeinntektene

Tidlegare fekk teknisk drift eigedom rammebudsjett, på same måte som dei andre einingane i kommunen. Det gjer dei ikkje lenger.

– Nytt er at vi beheld inntektene frå utleieforhold og nyttar dei til vedlikehald av alle kommunale bygg.

– Det gjer mellomanna at vi er veldig obs på at om nokon flyttar ut, så skal det ikkje stå tomt i meir enn ein månad.

– Det er den tida vi då har på oss til å vedlikehalde og ruste opp om det trengs.

– Dei aller fleste bustadene vi har, har vi no begynt å få god standard på, mykje takka dyktige folk på vedlikehaldsteamet, skryt Søfteland.

Ein klar strategi

Eininga har ei klar prioritering og strategi på kva som kjem først.

– Vi har satt oss føre at vi innan fem år skal ha tatt utvendig vedlikehald på samtlige kommunale bygg.

– Det har vore eit stort etterslep, men vi skal klara å komma i mål.

– Akutte ting tek vi sjølvsagt fortløpande, men skifte av komponentar og andre type anlegg kjem vi ikkje til å gjera før det utvendige er på plass.

Hyrer inn elevar

Er du 18 år eller eldre og på jakt etter ein sommarjobb, kan teknisk drift eigedom vera noko å tenkje på.

– Vi har i fleire år hatt tre skuleelevar på sommarjobb i grønt avdelinga.

– Denne sommaren ser vi i tillegg for oss å tilby tre eller fire sommarjobb i vedlikehaldsteamet.

– Vi skal nemleg måla heile Kuventræ skule og Os ungdomsskule utvendig, avslutter Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.