Lokal | 24. jan. 2012

Speakeren er tilbake!

VIDEO: I september blei han alvorleg skadd i ei påkjørsle. No er Rolf Klausen tilbake i Os, betre i beina og kjapp i replikken!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. jan. 2012 15:00

"Hei, det er Rolf Klausen, her! Eg har kome tilbake til Os no, viss du vil ha ein prat."

Gårsdagens overraskande og gledelege telefonsamtale kjem underteikna til å hugsa lenge. Eg visste at Rolf, den populære fotballspeakeren på Kuventræ, var blitt betre, men eg hadde ikkje venta å høyra den kjente og kjære stemma så skarp og klar etter den alvorlege ulykka og det lange sjukehusopphaldet.

Gleden av å høyra Klausen igjen vil eg dela med fleire, derfor er delar av intervjuet på video.

SJÅ VIDEO I RUTA OVER

Svevde mellom liv og død

Tysdag 20. september gjekk Rolf Klausen (66) på tur med dottera sin hund. Ved Svegatjørn, rett over rundkjøringa mellom E39 og Ulvenvegen, blei han og hunden meidd ned av ein bil. Hunden sprang frå staden, men blei funnen eit stykke unna, alvorleg skadd. Han blei opererert og har det bra.

Rolf blei frakta til sjukehus der han blei lagt i kunstig koma. Han svevde mellom liv og død, med alvorege hovudskadar og knuste bein.

• To veker etter ulykka fortalte familien at Rolf var utanfor livsfare.

Han var vaken, men omtåka, og det var uvisst kva funksjonar han ville klara å trena opp igjen.

Pratsam på krykker

Etter éin månad på Haukeland har Rolf vore tre månadar på rehabilitering på Nordåstunet. Fredag kom han til Os for vidare rehabilitering på Lurane.

Å bli oppringt av Rolf Klausen, pratsam og munter som før, var ei veldig gledeleg overrasking.

At han, med dei store skadane han hadde i beina, møtte underteikna på krykker, gåande for eiga maskin, var også uventa.

– Det var fantastisk å koma til Os igjen, seier Rolf, og ser ut vindauget frå Os sjukeheim, der han har fått rom med utsikt mot Bjørnefjorden og Os sentrum.

Ein månad utan minne

Sjølv om han var vaken og sjølv om han fekk fram nokre ord medan han var på sjukehus, så var Rolf omtåka i starten.

– Eg hugsar ikkje noko frå ulykkesdagen. Eg hugsar heller ikkje noko frå opphaldet på Haukeland.

Men ei stund etter at han kom til Nordåstunet kvikna han meir til. Familien fortel at han har vore i veldig godt humør frå dag éin, og at han raskt viste framgang med språket.

– Eg trudde at eg snakka heilt reint i starten og eg, ler den pensjonerte postmannen.

– Men det kom visst nokre ord som ikkje var ord, og enkelte ord hadde ramla vekk. Framleis er det litt sånn at eg må leita etter enkelte ord, men det går på fram og heldigvis fortare enn mange hadde trudd.

Ekstra glad i familien

Dei første vekene på Nordåstunet fekk han berre ha kontakt med dei heilt nærmaste familien, kona og ungane.

– Etter ei stund bad eg om å få lov til å besøk av fleire, om ikkje lenger enn i eit kvarter. Eg sakna barnebarna noko enormt!

Då Klausen kom til seg sjølv forsto han at dei rundt han hadde hatt det heilt forferdeleg. Han opplever også at han har endra seg etter å ha fått livet i gåve.

– Eg har blitt litt meir fysisk, eg har blitt endå meir glad i ein god klem. Og eg set endå større pris på familien min, seier Rolf, og rettar samtundes ei stor takk til alle som har støtta familien medan han sjølv har vore ute av spel.

Fokus: Opp å gå

Fredag blei ein god dag på fleire måtar, for Klausen. Ikkje berre kom han til heimbygda igjen, han fekk også veta at han ikkje treng å amputera nedste del av venstrefoten, slik det lenge låg an til.

– Frå første stund har eg vore opptatt av to ting; eg ville gjera mitt beste for at rehabiliteringa skal hjelpa og eg vil opp å gå igjen. Eg treng ikkje gå så fort, men eg er så glad i å gå at eg har veldig lyst til å kunna gå for eiga maskin, for eksempel bort til Kuventræ for å sjå fotballkamp.

Opptreninga har gått over all forventning, men det såg lenge ut til at det omfattande brotet i venstre bein skulle føra til at foten blei amptert frå kneet og ned.

– Legen var overraska då han såg bilda i førre veke, det som omtrent var eit eksperiment med samanlapping av beinet hadde vore vellykka, alt hadde grodd!

Kneet må skiftast ut, så der blir det operasjon og protese om ikkje så lenge.

– Det gjer ingenting, eg får nok eit godt kne til slutt, og har uansett ein del trening igjen før eg kan gå utan krykker.

Ser fram til sesongstart

– No byrjar det å gå mot vår på gjestebrygga og sesongstart på Kuventræ, så motivasjonsfaktorar er det nok av, seier Klausen om den komande treningsperioden.

– Blir du å høyra over høgtalaranlegget under Os-kampane igjen, trur du?

– Det eine auget mitt blei nesten heilt øydelagt i smellen, så då får nokre andre fortelja kva som skjer på bortemålet, ler speakeren, før han legg til at han uansett blir å treffa på ein del kampar.

– Eg ser veldig fram til å treffa vennane mine på Kuventræ igjen. Dei er også velkomne å besøka meg her på sjukeheimen, avsluttar Rolf Klausen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.