Sport | 28. juni 2017

Speler finale i Sør Cup

Lysekloster/Nore Neset stiller med fem lag i Sør Cup. Gutar 14 speler B-finale i dag.

Speler finale i Sør Cup
Egil Thuen leiar G14 i Sør Cup mens hovudtrenar Denis Ljubovic er heime for å forsvara Lysekloster sitt A-lag. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. juni 2017 07:39

Over 500 lag deltar i ti år gamle Sør Cup (tidlegare Plussbankcup) i og rundt Kristiansand, cupen der Nore Neset J13 i fjor vann A-finalen på golden goal.

• Les òg: Gulljentene vann finalen på golden goal

I år er det fem lag frå Os, alle er gutelag frå samarbeidsklubbane Nore Neset og Lysekloster. Lysekloster/Nore Neset stiller med to lag i G13 og eitt lag i G14, G15 og G16.

– Gutar 13 imponerte meg, der blei det eine laget puljevinnarar, seier Egil Thuen, som sjølv trener gutar 14 saman med Denis Ljubovic.

Det blei éin uavgjort og to suverene sigrar på G13. I A-sluttspelet tapte dei 1-3 for Vindbjart i 1/8-finalen. Det andre laget hamna i B-sluttspelet, der dei rauk ut i 1/16-finalen.

G15 hamna sist i puljespelet og rauk ut i første kamp i B-sluttspelet, G16 kom på 2. plass i pulja, men tapte første kamp i A-sluttspelet.

G14 til B-finale

Lysekloster/Nore Neset vann avdelinga si i serien og rykte etter vårsesongen opp i 1. divisjon.

Mens Denis er heime og speler seriekampar med Lysekloster sitt A-lag har Egil Thuen, som er fersk som trenar, leia laget med stødig hand i Sør Cup.

– Det er ein fin og samansveisa gjeng med spelarar frå alle krinsane som går på Nore Neset ungdomsskule.

– Vi fekk det ikkje heilt til i innleiande rundar, men så justerte vi på formasjonen og spelet byrja å flyta fint.

Etter 0-3, 1-2 og 3-4-tap i innleiande gjekk det til B-sluttspel, der eit finjustert Lysekloster/Nore Neset har vunne 2-1 og 1-0 før gårsdagens semifinale, der det blei ein solid 5-0-siger.

– Det er små marginar og nivået har vore overraskande bra i B-sluttspelet.

– Korleis er troppen før dagens finale?

– Det er nokre småskadar, men ikkje meir enn kva dei spring av seg i løpet av oppvarminga.

– Bortsett frå at ein av keeperane våre er skadd, er resten speleklar, seier Egil, som også har med seg Egil Borgen til å leia laget.

Finalen går mot Bønes 1 klokka 13 i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.