Sport | 13. jan. 2017

Speler første treningskamp i morgon

Her er motstandarane Os skal møta i vinter.

Speler første treningskamp i morgon
Hassan El Fakiri er nøgd med miksen av motstand som er booka, og ser spesielt fram til å sjå dei tre nye spelarane i aksjon i første treningskamp laurdag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. jan. 2017 15:33

Oppkøyringa til sesongen i den nystarta Regionsserien er i gang for Os Fotball.

Før sesongstart, som for Os går på heimebane mot Spjelkavik måndag 17. april, skal laget frå Kuventræ spela minst ni treningskampar.

• Les òg: Slik speler Lysekloster og Os

– Vi har sikta oss inn på motstand frå ulike nivå, både over oss, komande seriemotstandarar og frå 4. divisjon. Det kan vera greit i periodar der vi køyrer tungt fysisk at vi får noko lettare motstand, seier hovudtrenar Hassan El Fakiri.

Møter serievinnaren frå i fjor

Første treningskamp er allereie i morgon, laurdag, på kveldstid i Sotrahallen.

Motstandar er Brann 2, som i 2016 vann Os si avdeling i 3. divisjon.

– Dei trur ikkje dei stiller med nokre A-lagsspelarar, men dei har eit ungt og godt lag likevel, så eg ventar at vi skal få god motstand.

Alle dei nye spelarane er med

Sander Kvittingen, som er langtidsskadd, må saman med Endre Brenne, Kasper Færøvik og Adrian Valle, grunna sjukdom eller skade, stå over kampen i morgon.

– Alle dei andre skal spela. Nokre få speler 90 minutt, dei fleste får 45 minutt kvar.

• Les òg: Os signerte tre nye før jul

– Målet i morgon er berre å smaka på kampfølelsen, det å koma i gang igjen. Eg gler meg til dette, og spesielt til å sjå dei nye spelarane våre i aksjon. Alle tre er klare, seier Hassan om keeper Thomas Hille (19), spiss Enrique «Kike» Crespo Søvik (22) og forsvarsspelar Preben Skorpen (21).

Møter Fana og Sotra

Os skal på treningsleir på kypros frå 14. til 21. mars.

Før den tid skal dei spela 8 treningskampar på 10 veker.

Dei neste motstandarane er:haugesund 2, Fyllingsdalen, Fana, Loddefjord, Sotra, Bjarg og ein motstandar som førebels ikkje er stadfesta.

Kampen mot Bjarg laurdag 11. mars er den einaste som skal gå på heimebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.