Sport | 04. aug. 2017

Speler TV2-sendt finale i dag

Madelen K. Holme (15) frå Lysekloster er toppskårar for Bønes J19 i Norway Cup.

Speler TV2-sendt finale i dag
Bønes J19 er klare for finale. Madelen Koldal Holme (t.h.) er toppskårar med nær 20 skåringar til no. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. aug. 2017 09:02

Madelen Koldal Holme, som speler med gutelaget til Lysekloster/Nore Neset, deltar i Norway Cup med Bønes.

– Ho hospiterer på Sandviken saman med blant andre ein spelar frå Bønes, som inviterte ho med til Oslo, fortel pappa Kjell Holme.

Bønes stiller med eit lag i klassen J17/18/19 i sjuarfotball, og det har så langt blitt ei målrik turnering.

50-2 i målforskjell!

Etter tre kampar i puljespelet sto det 41-1 i målforskjell, før dagens finale står det 50-2.

– Det var to jenter i klubben som absolutt ville på sommarcup. Dei fekk samla saman 11 jenter i ulik alder og organiserte alt sjølv. Vi har eit ungt lag, dei tre eldste er 18 år, resten er frå 15 til 17, og dei har aldri spelt 7-arfotball før, fortel Ole Bjørn Brudvik, ein av trenarane.

Landslagsaktuelle Madelen er toppskårar med oppunder 20 skåringar. Landslagsspelaren frå Os har skåra i alle kampar, 6 mål på éin kamp er det meste, og i går sette ho inn 3 av 4 mål i 4-1-siger over Ravn i semifinalen.

– Vi har fleire tekniske spelarar og fokuserer på å spela fin fotball. Det utfører jentene med glans! At vi i tillegg har Madelen med oss er ein bonus, ho har ein strålande teknikk og ein enorm fart, seier Brudvik.

Finalen går mot Askøy klokka 12.40 i dag.

Kampen går på Ekeberg bane 1A og blir sendt direkte på TV2 Sportskanalen og TV2 Sumo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.