Sport | 11. feb. 2018

– Spelte jamt med Nest-Sotra

Lysekloster hadde ein oppløftande treningskamp søndag.

– Spelte jamt med Nest-Sotra
Lysekloster spelte mot Nest-Sotra i dag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. feb. 2018 19:20

Etter 3-0 over Varegg i vinterens første treningskamp spelte Lysekloster i dag mot Nest-Sotra, som rykte opp til OBOS-ligaen etter fjorårssesongen.

– Vi spelte ganske jamt og skapte 2-3 sjansar kvar. Eller rettare sagt, eg veit ikkje om Nest-Sotra hadde så mange fleire sjansar enn den dei skåra på, seier sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen.

Nest-Sotra - Lysekloster 1-0 (1-0)

Ole Thomas Herrem var nær på å gje Lysekloster 1-0-leiing allereie etter fem minutt, men skaut i stolpen.

Nest-Sotra si skåring kom då Lysekloster missa på ei markering på bakerste stolpe på eit innlegg.

Brukte to keeperar og to juniorar

Lysekloster måtte klara seg utan tre av dei som truleg vil starta mange kampar i dag, men klarte seg bra.

– Vi brukte òg to juniorar, Erlend Opheim Instebø og Eirik Spangelo Haga, som klarte seg bra.

Kjetil Hansen og tidlegare Os-keeper, Thomas Hille frå Fana, sto kvar sin omgang i mål.

To kampar til før treningsleir

Neste helg speler Lysekloster to treningskampar på Karmøy og i Haugesund, mot Vedavåg og Vidar.

Dette er dei to siste vinterkampane før treningsleir i Tyrkia.

Når dei kjem heim ventar treningskampar mot blant anna Vard Haugesund og Stord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.