Sport | 13. des. 2017

Spelte Russland ut av hallen

Noreg viste ingen nåde då dei tok seg til semifinalen i VM.

Spelte Russland ut av hallen
Emilie Christensen fekk vitjing av familien, her søster Elisa og bror Eirik André, i åttandelsfinalen (privat foto)
Andris Hamreonsdag 13. des. 2017 20:57

Familien til Emilie Christensen forrekna seg og satsa på at Noreg skulle bli puljevinnar, men tapet mot Sverige gjorde at kampprogrammet blei annerleis enn det dei hadde rekna med.

I staden for å få med seg åttandelsfinalen og kvartfinalen blei det berre åttandelsfinale på mor, far, søsken og besteforeldre.

– Vi har dessverre booka retur til Noreg etter 1. plass i pulja, så vi får ikkje med oss kvartfinalen mot Russland. Vi må sjå den på TV, fortalte far Lars Christensen til Midtsiden etter åttendelsfinalen kor dei fekk møta yngstedatter Emilie i hallen i Leipzig.

Og for ein kvartfinale det blei.

Noreg hadde tidenes oppvisning i handball og feia over Russland. Til pause leia Noreg 15-8. Russland kunne knapt tru kva som trefte dei.

Den solide innsatsen gjorde at Thorir Hergeirsson kunne sleppa til dei mindre rutinerte på slutten av kampen.

Med fem minutt att av kampen lot han Emilie sleppa til på banen som erstattar for landslagskaptein Stine Bredal Oftedal.

Emilie gjorde seg ikkje bort og Noreg tok ein trygg siger 34-17.

– Vi byrjer å få til eit forsvarsspel som vi må ha på topp internasjonalt nivå, oppsummerte ein nøktern Hergeirsson etter kampen.

Noreg møter Nederland i semifinalen klokka 1730 fredag. Dermed lever håpet for VM-finale i Oshallen søndag.

P.S. Russland var tippa som den sterkaste utfordraren til Noreg i VM...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.