Sport | 05. mai 2018

Spelte uavgjort i opningskampen

Olis og forsvaret får skryt etter at Noreg G17 spelte uavgjort mot Portugal i EM.

Spelte uavgjort i opningskampen
Ole Martin Kolskogen spelte heile kampen mot Portugal (foto: NFF)
Andris Hamrelørdag 05. mai 2018 07:46

Det norske G17-landslaget i fotball spelte fredag sin første kamp i EM i England. På motsatt banehalvdel sto Portugal, som så seint som i 2016 vann U17-EM.

Les òg: På plass i Burton - i dag startar EM

God start

Etter ein litt tung førsteomgang blomstra Noreg og hadde gode sjansar til å ta med seg meir enn det eine poenget dei fekk etter 0-0 mot Portugal.

– Portugal starta kampen litt betre enn oss, men vi kom meir inn i det etterkvart. Vi blei vant til tempoet og å spele på ein litt seig gressbane. Det blei ein jamn kamp, sjølv om dei hadde ballen litt meir enn oss, seier landslagstrenar Gunnar Halle til fotball.no

– Det var ikkje mange sjansar, kanskje tre til kvart lag, og dei to største hadde vi. Vi er nøgd med den defensive strukturen. Portugal pleier å skape mykje, det gjorde dei ikkje i dag.

– Gjorde ein grei kamp

Sentralt i forsvaret sto Ole Martin Olis Kolskogen heile kampen. I følgje Nettavisen gjorde han ein solid opptreden i midtforsvaret.

– Eg føler eg gjorde ein grei kamp, og ein har sjølvsagt gjort noko bra når ein held nullen. Eg er veldig nøgd med det, seier Olis til Nettavisen.

– Når vi får eitt poeng i første kamp så er det ein veldig god start, seier Olis om Noreg sine sjansar til å ta seg til kvartfinalen.

Måndag speler Noreg sin andre gruppespelkamp når Sverige er motstandar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.