Sport | 23. sep. 2016

Spennande innspurt i 2. og 3. divisjon

Lysekloster må klara topp 7, Os må klara topp 4. Begge speler på heimebane i neste runde, her er alle dei siste motstandarane, med historikk frå våroppgjeret.

Spennande innspurt i 2. og 3. divisjon
Thomas Sandal og Lysekloster har fem rundar igjen. Alle motstandarane blei slått i vår, klarer dei det same i kampen om å halda seg? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. sep. 2016 11:11

Lysekloster står med tre tap på rad, Os står med to tap på rad, før begge tar imot noko som bør vera overkomeleg motstand på heimebane.

• Lysekloster speler mot Stord heime i morgon (kl 16) som dei slo 3-2 borte i vår. Stord ligg på 11. plass av 14 lag i avdelinga.

• Os speler heime laurdag om ei veke (kl 14), mot Arna-Bjørnar, som dei slo 8-1 i NM-kvalik og 3-1 borte i serien i vår. Arna-Bjørnar ligg på 13. og sisteplass på tabellen (etter at Nest-Sotra 2 trekte laget sitt).

Grunna omlegging til ny seriestruktur må Lysekloster klara 7. plass for å halda seg i 2. divisjon. Lysekloster ligg no på 7. plass. Os må klara 4. plass, og ligg no på 4. plass.

Lysekloster har slått alle

Etter heimekampen i morgon har Lysekloster fire kampar igjen:
(Med motstandar si tabellplassering i parantes)

Egersund (3. plass) - Lysekloster
Lysekloster - Vard Haugesund (8.)
Frigg (12.) - Lysekloster
Lysekloster - Førde (14.)

På papiret skal Egersund by på hardast motstand. Lysekloster slo Egersund 1-0 i eit fyrverkeri av ein kamp i vår.

Etter tap i alle dei første fem rundane i ny divisjon vann Lysekloster sju kampar på rad. Då slo dei òg alle dei andre komande motstandarane dei no får i innspurten, Vard 2-0 borte, Frigg 2-0 heime og Førde 2-1 borte.

Terminliste og tabell

Os får det langt tøffare

Os har tre kampar igjen etter runden som går på Kuventræ 1. oktober.

Dei siste tre kampane ser sånn ut (med motstandar sin noverande plassering):
Varegg (3.) - Os
Os - Bjarg (5.)
Sotra - Os (2.)

Os tok berre eitt poeng frå oppgjera mot desse tre motstandarane i vår, heime mot Varegg blei dei 1-3, borte mot Bjarg tapte Os 1-4 og heime mot Sotra klarte Os 1-1.

Terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.