Kultur | 14. apr. 2015

Spennande samling i «Lidl-lageret»

Det blir ein konsert utanom det vanlege når Fonos kokar i hop med Mixmaster Cru. Også photoshooten blei noko for seg sjølv.

Spennande samling i «Lidl-lageret»
Sånn ser det ut, frå avstand, når Fonos og MixMaster Cru er på fotorunde med Bjarte L. Haugland i Nordiske Handelsparker sitt store lager i Ådnadalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. apr. 2015 13:33

Bildeserie:

Bjarte Løvaas Haugland har tatt bilde av Fonos i tre år på rad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bjarte Løvaas Haugland har tatt bilde av Fonos i tre år på rad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei er lette å jobba med, påstår Bjarte.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei er lette å jobba med, påstår Bjarte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med mjølkastar og sjølvutløysar.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med mjølkastar og sjølvutløysar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Stine saman med Frankie, Eirik (stand-in for Kristian), Henrik, Jørgen og Nikolai. (Foto: KVB)
Stine saman med Frankie, Eirik (stand-in for Kristian), Henrik, Jørgen og Nikolai. (Foto: KVB)
Fonos. (Foto: KVB)
Fonos. (Foto: KVB)
Resultatet! (Foto og etterarbeid: Bjarte L. Haugland)
Resultatet! (Foto og etterarbeid: Bjarte L. Haugland)
1 av 6

Dei siste åra har koret Fonos frå Os sunge for fullsett sal i Osena, både under sommarkonsert (sjå video) og julekonsert (sjå video).

Denne sommaren tar dei ein ny vri og lager showkonsert saman med den kjente dansegruppa MixMaster Cru frå Bergen.

Det er allereie selt over 400 billettar til konserten, som blir spelt laurdag 13. juni, likevel gjorde Fonos og dansarane seg flid då dei før påske bestilte fotosession til plakatane.

– Vi vurderer å setja opp ein ekstrakonsert. Planen var å spela éin i Oseana og éin i Logen i Bergen, men scenen på Logen er for liten og salen krev for mykje lydanlegg for at akustikken skal bli bra, så då blir det i så fall to konsertar i Oseana, seier Fonos-dirigent Stine Kobbelvedt.

– Om konserten laurdag 13. blir utselt og vi lager ekstrakonsert søndag 14. juni vil plakatane koma ekstra godt med.

Hoff-fotografen Haugland

Fonos er ikkje kven som helst. Dei bruker heller ikkje kven som helst til å ta presse- og plakatbilde av koret, i år saman med MixMaster. Den prisløna fotografen Bjarte Løvaas Haugland frå Os tok med seg vokalistane og dansarane i det gigantiske uferdige lageret i Ådnadalen.

– Bjarte har fotografert oss to gongar før, og er så ekstremt kreativ at plakatane får eit eige blikkfang. Han er så folkeleg og hyggeleg å ha med å gjera, men samtidig ein nerd når det kjem til det fototekniske og etterarbeidet. Vi synest det er veldig kjekt å vera prøvekaninane hans, seier Stine.

Haugland har tatt bilde av ulike musikarar og til ulike cd-cover, og synest det er ekstra utfordrande å ta bilde av kor.

– Det krev noko ekstra med så mange. Men om du har ein idé og er trufast mot denne så går det bra. Fonos er tolmodige og enkle å jobba med, så då går det fint, seier Bjarte.

Bruker Sol Erdal på koreografi

Både før og etter fotorunden har Fonos og MixMaster Cru hatt nok å gjera på.

– Vi har vore ei gruppe med styret frå koret og gutane frå MixMaster som har sete saman for å velja låtar. Det er spennande å nytt for oss begge, men vi har funne eit sett som vi skal klara å få til å passa for oss begge, fortel dirigenten.

Ho vil ikkje røpa ei einaste låt som skal syngast.

– Gutane har hatt ein heftig jobb med både å supplera dette med beats og mix, og samtidig planlegga og øva inn koreografi og dans, fortel MixMaster-manager Ørjan Andreasson.

MixMaster Cru består av Frankie J. Johnsen, Henrik Nordin, Jørgen Johnsen, Nikolai Tysse Øberg og Kristian Vindenes. På nokre av danseinnslaga har dei med seg Eirik Hobæk og Ørjan sin son Daniel Andreasson.

– Vi har hyra inn den kjente koreografen Hilde Sol Erdal til å hjelpa oss. Det er mykje som skal stemma og vi ser veldig fram til å jobba saman med ho, seier Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.