Kultur | 02. aug. 2014

Spontane turar til Os

Dei første camping-gjestane til Osfest trilla fredag ettermiddag til Os. Fleire frå nabokommunane bestemte seg i siste liten.

Spontane turar til Os
På Moberg, ein av dei tre campingplassane under Osfest, er desse bilane og vognene på plass. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. aug. 2014 07:08

Bildeserie:

Vegard Vardøy, Aleksander Midlang og Magnus Lygre frå Sotra. (Foto: KVB)
Vegard Vardøy, Aleksander Midlang og Magnus Lygre frå Sotra. (Foto: KVB)
Jarle Øvrebø, Morten Eilertsen, Svein Eilertsen og Eystein Strand frå Laksevåg. (Foto: KVB)
Jarle Øvrebø, Morten Eilertsen, Svein Eilertsen og Eystein Strand frå Laksevåg. (Foto: KVB)
– Vi har med gitaren, så her blir det stemning, seier Bjørg og Roger Steinfelt frå Askøy. (Foto: Kine Evensen)
– Vi har med gitaren, så her blir det stemning, seier Bjørg og Roger Steinfelt frå Askøy. (Foto: Kine Evensen)
Monica Villanger frå Askøy og Tore Vaage frå Lindås. (Foto: Kine Evensen)
Monica Villanger frå Askøy og Tore Vaage frå Lindås. (Foto: Kine Evensen)
Os hamn fredag ettermiddag. (Foto: Kine Evensen)
Os hamn fredag ettermiddag. (Foto: Kine Evensen)
1 av 5

Etter ein varm juli var det fredag rolegare i Os hamn, trass starten på Osfest.

Fredag morgon var det berre to båtar som hadde overnatta frå torsdag, men ut på kvelden fredag kom det fleire rekande inn i hamna.

Medan Kuven Farm Camping tar imot gjestar i hytter og telt blir bubil-turistar vist vidare til parkeringsplassen ved Rema Kuven stasjon og til ein planert plass på Moberg ved Ulvenvatnet.

Fredag i 18-tida var det 4-5 bubilar og campingvogner på begge plassane. Fleire av gjestane, som kom frå Sotra, Askøy, Lindås og Laksevåg, hadde bestemt seg for å reisa til Os kort tid i forvegen.

– Her blir det stemning uansett

På Moberg møtte vi blant andre kameratane Vegard Vardøy, Aleksander Midlang og Magnus Lygre frå Sotra.

– Vi bestemte oss på vorspiel i går om å reisa til Osfest. Vi vil sjå BigBang og har lånt oss ei campingvogn som har vore på festival før, fortel dei tre i den raude, russebil-liknande campingvogna ved Ulvenvatnet.

På same camp sit Jarle Øvrebø, Morten Eilertsen, Svein Eilertsen og Eystein Strand frå Laksevåg. Også dei tok turen ganske på impuls og ser på BigBang som hovudtrekkplaster.

– Vi fann ut om festivalen først i dag, seier Bjørg og Roger Steinfelt frå Askøy, som har parkert ved Kuven stasjon.

Dei har Monica Villanger frå Askøy og Tore Vaage frå Lindås som camp-naboar.

– Vi håper det kjem fleire folk på campen. Vi har med gitaren, så her blir det stemning uansett, lover Bjørg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.