Lokal | 03. feb. 2011

Spora telefonen

Politiet fann igjen den stolne telefonen etter å ha følgt elektroniske spor.

Spora telefonen
Andris Hamretorsdag 03. feb. 2011 08:46

Politiet gjennomførte i går kveld ei ransaking på ei adresse i Os etter at ein mobiltelefon blei stolen på Irish Cat for nokre dagar sidan.

- Ved hjelp av elektroniske spor fann vi ut kor mobilen var å finna, og oppsøkte staden, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Mobiltelefonen blei funnen og ein kjenning i 40-åra sikta.

Guttestrekar med laserlys
Politiet har fått klagar på at nokre har lyst med laserlys mot eit husvære.

- Patruljen tok ein tur bortom og kom i kontakt med nokre gutar som sto bak ugjerninga, fortel Hadler-Olsen.

- Vi tok frå dei laserlyset inntil vi avgjer kva som skal skje vidare, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.