Næringsliv | 31. jan. 2014

Spotify-investor satsar på Os

Svenske Creandum, ein av investorane bak Spotify, spyttar inn midlar i Os-baserte ToppMat.

Spotify-investor satsar på Os
Sjefskokk Adam Bjerck på innkjøpsrunde (privat foto)
Andris Hamrefredag 31. jan. 2014 08:28

ToppMat blei starta i bergensområdet for om lag eitt år sidan. Dei unge gründarane kom i kontakt med Frode Søviknes i Smak Catering og Oleanna AS og flytta inn i Smak Catering sine lokaler i industrivegen.

– Vi er no i ferd med å utvida lageret for å ta hand om den enorme etterspurnaden. Det er berre såvidt vi har klart å ta unna, fortel gründer og landslagskokk Adam Bjerck (23).

Levert direkte på døra

ToppMat leverer ferdige menyar med middagsposjonar, sett saman av Bjerck, direkte heim til kundane. Selskapet leverer i dag til kundar i Bergen, Os, Sandnes og Stavanger.

– Alt blir produsert, pakka og køyrd ut frå lokala i Industrivegen.

– Det er ganske mange tonn varer som må planleggast og kjøpast inn for å samsvara med menyane.

– I tillegg er vi opptekne av at maten skal vera sporbar og at vi skil oss litt ut frå utvalet i butikkane ved å tilby ein del kortreiste råvarer saman med spennande importvarer og ferskvarer frå heile verda.

– Målet er å kunne tilby spennande og varierte menyar frå veke til veke, seier Bjerck.

Frå 8 til 80 millionar

Bjerck starta selskapet saman med kompisane Lasse Smedsvig (22), Harald Aalvik (25) og Mats Wickmann (25).

– Det har vore ei lang reise frå loftet til mor og far og fram til der vi er i dag. Det krevst mykje å bygga opp noko frå botn av, men vi er optimistiske.

Frå ei omsetning på 8 millionar i fjor, reknar gründerane med å koma opp i mellom 80 og 100 millionar med leveranse over heile landet i 2014.

Får investeringshjelp

Med seg på laget har dei fått det svenske investeringsselskapet Creandum, som tidlegare har investert i mellom anna Spotify og svenske Linas Matkasse, Nordens største leverandør av matkassar.

– Etter suksessen vi har hatt med Linas Matkasse her i Sverige, er vi veldig spent på å gå inn i den lovande norske matkassemarknaden.

– Vi trur det kan veksa seg like stort i Noreg som det har gjort i Sverige, og er sikre på at ToppMat vil vera ein av leiarane i marknaden, spesielt med tanke på den fantastiske veksten dei har hatt dei siste åra, seier Creandum-partnar Johan Brenner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.