Lokal | 24. mars 2015

Sprang ut bakdøra då politiet kom

– Vi ser svært alvorleg på saka. Brannen hadde eit stort farepotensiale, seier politiet etter brannstifting og øltjuveri på Joker måndag kveld.

Sprang ut bakdøra då politiet kom
Etter å ha laga brann og stole øl stakk mannen ut denne bakdøra, med politiet i hælane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. mars 2015 09:34

Måndag i 20-tida, rundt stengetid, blei det fatta mistanke om at ein mann gøymte seg i Joker-butikken i Os sentrum.

Les òg: Tok heisen, lagde bål og stal øl

Det viste seg at han har tatt heisen opp i 3. etasje, starta ein brann og så vore nede igjen i butikken eller på lageret og stole øl.

– Då patruljen kom til staden såg dei han stikka ut bakdøra. Han hadde då med seg noko øl, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Skadeverk og farepotensiale

Politiet sprang etter og tok mannen, som i tillegg til tjuveriet er mistenkt for å bera kniv på offentleg stad og for eldpåsetjing.

– Brannen blei heldigvis sløkt av sprinkelanlegget, men det å tenna på i ein bygning er alvorleg, spesielt i eit bygg som dette.

Drageset-garden er del av eit større kvartal der det også er fleire trebygningar og bustadar.

Det er dessutan vasskade i delar av bygningen der sprinkelanlegget blei løyst ut.

Mistenkte, ein mann i starten på 20-åra, sit framleis fengsla og skal i avhøyr i dag.

Joker-butikken opna som normalt tysdag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.