
Sprek helg i vente
Til helga blir det folksamt på vegar og gangvegar i Os, over Skeie og Ulven og tilbake til sentrum:
Laurdag og søndag blir den 33. Ulvenmarsjen arrangert. Sidan 1. mai landar på ein søndag får andre marsjdag selskap av tur- og trimrittet Os Rundt.
– Sidan deltakarane i Ulvenmarsjen bruker gangvegane og syklistane bruker bilvegen og følgjer vanlege trafikkreglar trur eg dette skal gå fint, seier Leif Klakegg frå CK Henie.
• Ulvenmarsjen har start og mål på Os ungdomsskule (laurdag kl 14 og søndag kl 10)
• Os Rundt har start og mål på Os Gymnas (søndag kl 10)
– Det er nok enkelte som går for begge delar, eller vel anten marsj eller sykkelritt, men med høg deltaking på andre ritt tidlegare i år håper vi på å passera 200 deltakarar og ny rekord i Os Rundt i år, seier Klakegg.
• Ulvenmarsjen er 14 km lang.
• Os Rundt har to løyper, ei på rundt 15 km, for ungar, familiar og mosjonistar, ei på 41 km, som går over Fanafjellet og Hamre tilbake til Os.
504 gjekk Ulvenmarsjen i fjor, noko som var meir enn 70 fleire enn året før.
Ifølgje langtidsvarselet for Osøyro blir det strålande vêr til helga.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no