Lokal | 06. mai 2011

Spreke listetoppar

Lesarinnlegg: Lars Atle Skorpen lurar på om tida er moden for å etablera ny folkefest på Os.

Spreke listetoppar
Andris Hamrefredag 06. mai 2011 13:22

Vi to på toppen av kommunevallista til Os Arbeiderparti gjekk Skarverennet frå Finse til Ustaoset sist laurdag. Saman med over 12.000 andre fekk vi en nydeleg tur, i fint vêr gjennom noko av det flottaste Noreg har å by på av natur. 38 km på aprilsnø ga utfordringar med å finna riktig smøring, med det var breide smil på alle fjes over fjellet.

Skarverennet er ein stor folkefest . Over 12.000 deltakarar, 1100 frivilljuge og en berekna omsetning til reiseliv og næringsliv i Geiloområdet på omlag kr 80 millioner, på ei helg.

Både deltakartal og omsetning fortel alt om kor spennande og viktig dette arrangementet har blitt for lokalmiljøet øvst i Hallingdal, sidan starten i 1974. Skarverennet gjev inntekt til store deler av frivillig sektor i området og mange andre kloke aktivitetar ellers i året finansierast av overskotet.

Andre stader i Noreg har bygd opp andre formar for folkefestar, anten knytt til idrett eller kultur. Dei gode arrangementa lever lenge og representerar eit løft for innbygjerane, næringsliv og frivilljuge lag og organisasjonar som deltek.

Er tida moden for Os?

Er det på tide å starta utviklinga av vårt “mega-arrangement”, til glede og nytte for alle som deltek? Er det på tide å gi folk over hele Noreg fleire grunnar til å huska Os?

At vi maktar å løfte gode og populære tiltak er bevist gong etter gong. Kvart år har vi festivalar vi alle er stolte av, og med ujamne mellomrom reiser skyttarar herfrå med eit smil, etter eit vellukka Landsskytterstemne.

Vi bur i ein geografi der landskap og skjærgård kan konkurrera om å vera noko av det vakraste i landet. Og kanskje viktigast av alt, vi som bur her er hyggelege, gjestfrie, løsningsorienterte og vi blir gjerne med på ein folkefest om sjansen byr seg.

Folk kosar seg i Os. Er tiden inne til mer kos, for flere?

Når frivilljuge lag og organisasjonar, næringsliv, innbyggjarar og kommune går saman får vi til det vi vil. Innan få år håpar vi at publikum rundt omkring i heile Noreg planlegg og gleder seg til å kome tilbake til Os, for vår nye folkefest MÅ dei berre ha med seg.

Kva vår folkefest skal vere, det må vi tenke kloke tankar om, samen.

Kjem Os Arbeiderparti i fleirtall etter valet skal det ikkje gå mange dagar før vi inviterer til det første møtet om dette tema. Du er velkomen, du må bare stemmer riktig først.

Lars Atle Skorpen
Ordførerkandidat
Os Arbeiderparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.