Sport | 27. mai 2015

Sprekere: Jorda rundt på 7 dagar!

Oppslutnaden om «Sprekere - Askøy vs Os» er enorm. Her er statistikk, topp 10-liste og status (du kan jo tippa kven som leiar).

Sprekere: Jorda rundt på 7 dagar!
Os har passert Askøy og Andris leiar over Kai. I ordførarduellen ser det ikkje like bra ut. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. mai 2015 12:03

Bildeserie:

I dag passerte Os Askøy. (Skjermskot, sprekere.no)
I dag passerte Os Askøy. (Skjermskot, sprekere.no)
Her er dei frå Os som til no har flest poeng. (Skjermskot, sprekere.no)
Her er dei frå Os som til no har flest poeng. (Skjermskot, sprekere.no)
– Kvar kilometer tel, seier Andris, som i går tok 13 deltakarar med på 8 km tur. (Foto: Andris Hamre)
– Kvar kilometer tel, seier Andris, som i går tok 13 deltakarar med på 8 km tur. (Foto: Andris Hamre)
Turen gjekk langs Strandvegen. Neste tysdag (kl 19) blir det Oselvo rundt. (Foto: AH)
Turen gjekk langs Strandvegen. Neste tysdag (kl 19) blir det Oselvo rundt. (Foto: AH)
1 av 4
I dag passerte Os Askøy. (Skjermskot, sprekere.no)
Her er dei frå Os som til no har flest poeng. (Skjermskot, sprekere.no)
– Kvar kilometer tel, seier Andris, som i går tok 13 deltakarar med på 8 km tur. (Foto: Andris Hamre)
Turen gjekk langs Strandvegen. Neste tysdag (kl 19) blir det Oselvo rundt. (Foto: AH)

Måndag 18. mai starta Sprekere-kampanjen med tilhøyrande konkurranse mellom Os og Askøy.

Om konkurransen var ein stafett så ville stafettpinnen allereie vore ein runde rundt jorda, osingane og askøyværingane hadde tysdag, 8 dagar etter at konkurransen starta, tilbakelagt til saman 44.000 kilometer!

Tar du turen rundt ekvator så er distansen i luftlinje som kjent ganske presis 40.000 kilometer (40.075 km).

«Alle» går for eigen kommune

– Eg har aldri opplevd liknande engasjement, eg er stolt over både askøyværingane og osingane. Det ser ut som om dette både mobiliserer dei som allereie er aktiv og at det var det ekstra puffet enkelte trengte til å koma seg opp og ut, seier Askøyværingen-redaktør Kai Flatekvål.

Midtsiden-redaksjonen sin sprekaste, Andris Hamre, stemmer i:

– Det er utruleg kjekt å gå tur for tida. Alle eg møter, også då eg og kona søndag var til Raudlistova, kommenterer at dei er ute og går for Os, seier Andris, som i går inviterte Midtsiden-lesarane med på tur.

– Vi var 13 stykker som gjekk 8 kilometer langs Strandvegen saman. Der er det eigna for både hund og barnevogn, det blir det også neste tysdag (kl 19) , når vi går omtrent 8 kilometer rundt Oselvo via Nordmarka og den nye stien til Tøsdal.

Nye deltakarar kvar dag

Kvar kilometer med gåing, jogging og sykling tel, anten du er med i heile kampanjeperioden (fem veker, t.o.m. søndag 21. juni).

– Dette har folk heldigvis forstått, det kjem fleire titals nye deltakarar kvar dag. Du kan delta også om du slenger deg på no, seinare eller om du skal på ferie eller på jobb i Nordsjøen i løpet av perioden, seier Hamre.

I skrivande stund er det 1328 deltakarar.

Her kan du lesa meir om kampanjen, sjå deltakartal og melda deg på.

Sprek og Blid Os sponsar konkurransen, MX Sport Os og MX Sport Askøy sponsar premiane.

I går blei dei første premiane trekt ut, dei gjekk til Ingrid Reistad (Os) og Nils Petter Rasmussen (Askøy).

Kommunekampen, aviskampen og ordførarkampen

At Os både har fleire og høgare fjell (konkurransen tar ikkje høgde for høgdemeter, som mange osingar er glade i) og at vi har værre innbyggarar, tar Andris med knusande ro.

– Ein tur til Linken krev meir enn 1,6 kilometer med jogging på asfalt, men så er også osingane blant dei tøffaste eg veit. Eg synest dessutan det er kjekt at Askøy har 9000 fleire innbyggarar, så har dei litt å gå på. Vi byr uansett på hard konkurranse.

Askøy kom raskt i gang og Os blei hengande etter.

Andre pinsedag var vi heile 2700 poeng bak, men onsdag morgon var vi 400 poeng etter og i løpet av onsdagen passerte Os Askøy!

I kampen mellom ordførarane leiar Siv Høgtun med god margin over Terje Søviknes.

I kampen mellom Askøyværingen og Midtsiden har Hamre eit forsprang på Flatekvål.

– Eg var foran veldig lenge, eg visste ikkje at Andris var i gang, spøker Kai.

– Kai skal passa seg, førebels har eg nesten berre vore på spasertur, eg byrjar snart å trappa opp løpinga, parerer Andris.

Snitt og statistikk

Kvar kilometer tel, men enkelte bidrar med svært mange kilometer gåing, jogging og sykling.

I Os ligg kappgangar Erik Tysse på topp.

Her er noko statistikk frå første veke:

• Det er registrert i snitt 35 km per deltakar, då inkludert dei som har registrert seg, men førebels ikkje registrert nokre kilometer. Det tilsvarar 4,4 km kvar dag.

• Tar vi berre dei aktive blir det heile 42,5 km per deltakar og 5,3 km per dag per deltakar!

• 82 % er i gang i konkurransen. Har du registrert deg? Pass på også å føra inn treningsøktene dine!

Det er (tysdag 26/5) registrert 44 084 km totalt.
- OS: 21 703 km
- ASKØY: 22 381

Minutter totalt 354793
- OS: 171254 minutter
- ASKØY: 183539 minutter

Antall økter totalt 5365
- OS: 2632
- ASKØY: 2733

Totalt (Os + Askøy) i kilometer:
- 17985 km sykkel 40 %
- 8666 km løping 20 %
- 17677 km turgåing 40 %

Her kan du lesa meir om kampanjen, sjå deltakartal og melda deg på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.