
To stakk frå gebyret
Statens vegvesen har i disse dagar ein landsomfattande bilbeltekontroll. Onsdag tok dei oppstilling ved rundkjøyringa på Os.
Også passasjerane får svi
Det er ikkje berre føraren som må bruke bilbelte. Også passasjerane kan bli ilagt eit gebyr om dei sit usikra i bilen. Det hadde dei kanskje ikkje tenkt på unggutane som stakk frå baksetet i ein av bilane som blei kontrollert onsdag førmiddag.
- Dei som sit på i bilen har like stort ansvar for å sikra seg sjølv, som det føraren har, fortel Lars Harald Drange, leiar for trafikk-kontrollen.
- Konsekvensen er at også dei kan ileggast eit gebyr på 1500 kroner om dei ikkje brukar bilbelte, seier Drange.
Kva skjer med dei som stakk?
- Vi har gitt beskjed til føraren av bilen at han får finna dei og kome attende. Om ikkje vil vi vurdere å melde dei til politiet, forklarar Drange.
Han opplyser at dei fleste vél å kome attende når dei får veta at det kan ende med at politiet blir involvert.
Kontrollerte 361 bilar
Frå klokka ni til elleve kontrollerte folka frå Statens Vegvesen 361 bilar på Os.
- Vi har skrive ut seksten gebyr så langt, fortel Drange.
- Tolv av dei har vore på føraren medan fire har gått til passasjerane. I tillegg har vi dei to som stakk.
I tillegg til kontroll av bilbelte blei førarkort, vognkort og om bilen har noko uteståande i motorvognregisteret sjekka.
Blitt flinkare
Dei siste åra merker Statens Vegvesen at folk har blitt flinkare til å bruke bilbelte.
- Eg trur det heng saman med at fleire har nyare bilar som varslar om beltet ikkje er på plass, seier Drange.
Dei færreste orkar nok å køyre rundt med pipinga frå bilen på grunn av manglande belte, men det er ei yrkesgruppe som utmerkar seg negativt.
- Det er dei som køyrer firma- og varebilar, og som skal berre eit lite stykke. Dei er nok overrepresentert i tala våre, avsluttar Lars Harald Drange i Statens Vegvesen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no