Lokal | 27. juni 2017

Stakk frå rekninga i Os - stoppa på Kalandseid

Ein privatperson la seg etter ein bilist som ikkje hadde betalt for alt drivstoffet sitt.

Stakk frå rekninga i Os - stoppa på Kalandseid
Mistenkte blei stoppa på E39 Osveien på Kalandseid. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 27. juni 2017 12:23

Tysdag formiddag rykte politiet ut etter melding om avstikk frå ein bensinstasjon i Os.

– Ein privatperson hadde følgt etter mistenkte, det var til stor hjelp, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Ho skal ha fylt drivstoff, men hadde ikkje nok pengar til å betala heile rekninga. Ho betalte delar av summen og blei einig med stasjonstilsette om at resten skulle tappast av tanken. Mens verkstaden førebudde tappeutstyr køyrde bilen frå staden.

Bilførar, ei kvinne i 50-åra frå Os, har lappen og er ikkje mistenkt for å ha vore påverka. Ho har gjeve si forklaring, men er meldt for forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.