Lokal | 31. juli 2014

Stal båt i Vargavågen

Politiet: Ein båt er stolen frå Vargavågen og ein tur på fest enda på legevakten. (OPPDATERT)

Stal båt i Vargavågen
Vargavågen vinteren 2013. (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtorsdag 31. juli 2014 08:30

I sju-tida onsdag kveld fekk politiet inn melding om tjuveri av ein båt med motor.

- Båten er stolen frå Vargavågen på Halhjem og er sist observert av eigar tysdag kveld, fortel politibetjent Christine Grindheim.

Den stolne båten er ein Duramarin RIB med ein Suzuki-motor med 9,9 HK, 2014 modell.

- Fargen er kvit med blå baug.

Støy frå privatfest

Ved midnatt fekk politiet melding om støy frå ein privatfest i Os.

- Det var ein person som var involvert i ein krangel og hamna i eit basketak mot fleire andre, seier Grindstein.

Personen blei sendt for sjekk på legevakten, men han hadde berre fått nokre småskader.

- Han kjem til å melda saken vidare til politiet.

OPPDATERT:

Båten blei funnen flytande på fjorden nokre timar etter at den forsvant.

- Men motoren, ein Suzuki 9,9 HK er framleis stolen, så om nokon har tips i saka så ber vi dei ta kontakt, seier Christine Grindstein frå Os lensmannskontor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.