Lokal | 19. aug. 2014

Stal frå tilsett

Politiet fekk i går to meldingar om tjuveri, éin har stole mørtel frå ein byggeplass, ein annan stal verdisaker frå ein tilsett på Amfi.

Stal frå tilsett
Kari M. Lyssandtirsdag 19. aug. 2014 07:34

Måndag fekk politiet melding om at det hadde vore eit tjuveri på ein byggeplass i Os.

– Det er blitt stole mørtel til ein verdi av 10.000 kroner, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen.

Politiet har førebels ikkje opplysningar om kven som har utført ugjerninga, men mistenkjer at gjerningsmannen har hatt nøkkel til byggeplassen.

Fann gjerningsmannen

I fem tida måndag fekk politiet melding om eit tjuveri på Amfi Os.

– Ein tilsett i ein av butikkane var blitt frastole mobiltelefon, bankkort og førarkort.

Politiet starta straks-etterforsking og fekk tak i bilde av gjerningsmannen og namnet på vedkomande.

– Vi reiste så heim til mannen og fekk ransaka bustaden. Der fann vi tjugodset og fekk levert det tilbake til eigar, fortel Hadler Olsen.

Gjerningsmannen, som er av utanlands opphav, har vedtatt førelegget og politet reknar saka som oppklart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.